Frå bridgeverda
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
Ein kvalitet ved bridgen i Noreg er at han er godt spreidd geografisk. Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok, og mange av dei har laga seg klubbar som dei spelar fast i, normalt ein gong i veka. Så har mange klubbar ei slags signaturtevling, ei helg i året då dei prøver å lokke flest mogleg spelarar frå det ganske land til nettopp sin fjerne avkrok, for å tevle med dei lokale om meir eller mindre gjæve premiar.
Rett nok har det gått nedover med tevlingsfloraen dei siste tiåra, og eg minnest med vemod tevlingar det no er for seint å vera med på. Berre tanken på utsikta frå Gildetun hotell på Kvænangsfjellet under den årlege Gildetun Open... I den årlege Kautokeino-tevlinga var fyrstepremien ein heil rein, andrepremien ein halv… Og kor forfriskande var ikkje vêret i Folldal i januar under den tradisjonsrike Gruvecupen…
Men biletet er ikkje heilsvart: Rondanecupen, den er framleis stor! Kvar oktober på Otta i vakre Gudbrandsdalen. Det kan ikkje eingong kallast ein avkrok, dei har E6 og jarnbane og alt i hop.
Opplegget er fast. Ein bør koma fredag kveld for å rekke å ta nokre glas med dei andre bridgespelarane på Pillarguri Café i Otta sentrum. Ein vil neppe ha hell ved kortbordet utan denne audiensen hjå Pillarguri, i og med at ho er ein slags vernehelgen for heile Sel kommune og for Rondanecupen især. Historia om «skotteslaget» i 1612, og diskusjonen om den legendariske heltinna heiter Pillarguri eller Prillarguri, får vi ta ein annan gong. På laurdagen er det partevling, der stilte 47 par på startstreken i år. Så er det attende til Pillarguri Café laurdag kveld for fleire glas, og så kjem den blytunge lagtevlinga på sundagen. Der stilte 20 lag i år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.