«Det har kome inn mus i år òg. Då hjelpte det altså ingenting å tette ventilane med finmaska netting og sjekke musebanda rundt heile huset.»
Teikning: May Linn Clement
Olav skrur ned volumet på fjernsynet og vrir hovudet litt mot høgre. Der er lyden igjen, og han er ikkje til å ta feil av. Det har kome inn mus i år òg. Då hjelpte det altså ingenting å tette ventilane med finmaska netting og sjekke musebanda rundt heile huset. Olav finn dagboka og konstaterer noko han alt veit: Det har ikkje vore frost enno i år. Musene pleier ikkje komme inn før det har vore frost. Han blar tilbake og prøver å finne ut kva tid det kom inn mus i fjor. Så ringjer han storebroren Jon, som svarer med ein gong.
– Hallo, er det deg? seier Jon.
– Eg høyrer mus i veggen, seier Olav.
– Det er full aktivitet der inne, ho piler rundt og gneg på eit eller anna.
– Du er uheldig med dei musene. Det har ikkje vore frost, spør Jon.
– Nei, det har ikkje det, eg har sjekka dagboka.
Jon synest det var tidleg å få mus i veggen. Det kan Olav bekrefte, i fjor kom dei tre veker seinare, for å vere nøyaktig. Ifølgje dagboka fanga han 16 før jul.
– I heile fjor fanga eg berre éi mus i garasjen, og slo flat ei med spaden då eg skulle reinske vegkanten bort til postkassane, seier Jon.
– Får du ikkje mus inn i huset?
– Nei, eg har vore spart for det i alle år, seier Jon.
– Du har eit mykje nyare hus enn me har, seier Olav.
Men han veit det er mange ting som speler inn. Jon held jo ikkje på med noko utanfor, alt er på stell, ingen vedstablar eller haugar med rot der mus kan slå leir og yngle.
Olav fortel at han skal setje opp fellene i kottet, slik han gjer kvart år. Før var det ost og bacon som gjaldt, no egnar han berre med mandel. Historia gjentek seg. Det er lett å hugse å sjekke fellene dei fyrste dagane, men etter kvart må kona minne han på det. Olav svarer ja sjølv om han har gløymt det, så sjekkar han etterpå.
Dagane går og blir til veker. Før han veit ordet av det, har det gått ein månad. Kona spør ikkje lenger, og ingen av dei følgjer med. Ein dag kjenner dei ei stram lukt, og fyrst kan ikkje Olav fatte kva det er som luktar, men så kjem han på fellene i kottet. Kona ber han ordne opp med ein einaste gong. Han finn eingongshanskar og ei sterk hovudlykt. I kottet blir han møtt av eit frykteleg syn. Det er mus i begge fellene, dei held på å gå i oppløysing. Olav pustar med munnen.
– Eg har gjort alt som står i mi makt for å hindre dei i å komme inn, seier Olav.
– Kattane til naboen gjer ein god jobb her, seier Jon
Det er nok mykje flaks, tenkjer Olav, og kvifor er livet slik? Tilsynelatande ein leik for nokon, mens andre stadig hamnar i trøbbel? Dei neste månadene kjem til å bli kaldare. Han må opne ei kran i kjellaren og la det renne litt, slik at ikkje vatnet frys. Men det har ikkje vore frost. Kan det forresten vere at Jon lyg, og at han har mus i veggen, men vil halde det for seg sjølv?
Om kvelden er det vanskeleg å sovne, Olav set seg opp i senga. Musa er i taket, krelar rundt. Kva held ho eigentleg på med, er det noko mat å finne der oppe? Leitar ho etter vegen ut att? Olav slår neven hard i veggen. Det blir stille.
Frank Tønnesen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø