Det menneskelege

Det er lenge sidan datamaskinane vart i stand til å slå dei beste menneska i sjakk, men med bridgen slit dei enno.

Zia Mahmood satsa ein million pund på menneska i kamp mot bridgemaskinen.

Frå ei anna verd

Publisert

Det blir snakka mykje om kor intelligente kunstige intelligensar kan vera. Det er lenge sidan datamaskinane vart i stand til å slå dei beste menneska i sjakk, men med bridgen slit dei enno.

Stjernespelaren Zia Mahmood vedda i 1992 ein million pund på at eit bridgelag han sjølv fekk velja ut, aldri kom til å tapa for ein datamaskin. Seinare byrja ein digital spelar kalla GIB, laga av professoren Matthew Ginsberg, å gjera det bra, og Mahmood trekte veddemålet. GIB, som anten står for «Ginsberg’s Intelligent Bridgeplayer» eller «Goren in a Box» (Charles Goren var ein internasjonal bridgeguru tidleg på 1900-talet), vann bridge-VM for datamaskinar i 1998 og plasserte seg same år høgt på lista i konkurranse med ei rekkje verdsleiande spelarar. Men denne tevlinga dreidde seg berre om ein del av bridgespelet, ein slags teknisk spelanalyse, og då Zia i 1999 faktisk spela ein lengre kamp mot GIB, gjekk han sigrande ut.

No er dette mange år sidan, og ein skulle tru at biletet hadde endra seg – men nei, eigentleg ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement