Frå historia
Det vonde bryt seg inn
Charles Edward Perugini (1839–1918): «Pandoras øskje», olje på lerret, utsnitt.
Foto via Wikimedia Commons
For mennesket har verda alltid, slik ho no er, vore mangfaldig og til tider svært krevjande, med slit og strev, sjukdom, smerte og død, ville naturkrefter og mykje anna ugreitt. I alt dette slitet og strevet har menneskets tankar ofte funne tilbake til ein gullalder, då alt berre var såre godt.
Jødane har si forteljing om Edens hage, vår volve fortel i Voluspå om den gongen gudane leika i graset med gulltavlene sine. Og grekarane stod seg godt med verda og gudane sine.
Men så blir det dramatisk. Ein ny aktør melder seg i idyllen, og alt blir øydelagt. Det vonde bryt seg inn i verda og historia. Og det vonde er personifisert.
I Edens hage var det slangen som freista Eva til å bryte Guds påbod. Så freista Eva Adam, og Paradiset vart stengt. Gud slo hardt ned på det som hende, med si straffande hand.
Og straffa var kollektiv, retta mot alle menneske i alle tider. Jorda vart forbanna, mannen skulle sveitte for føda, alle menn i alle tider, og kvinna skulle føde i smerte, alle kvinner i alle tider. Gullalderen var over i den jødiske forteljinga.
I det gamle Hellas levde menneska godt på den rike jorda, og gudane regjerte på Olympen, med eit auge på det som skjedde på jorda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.