Eg held fram med diktarar som hadde kontakt med Olav Nygard. Då Olav Nygard gjekk på Møre folkehøgskule i Ørsta (vinteren 1904–5 og 1907–8), hadde han dølen Olav Aasmundstad (1850–1925) som lærar. Ein annan diktar som gjekk på folkehøgskulen, Henrik Rytter, har fortalt son sin, Olav Rytter, kor inspirerande Aasmundstad var.
Han las opp drama av Shakespeare, i svensk eller dansk attdikting. Eit høgdepunkt for elevane, fortel Olav Rytter, var når Aasmundstad «steig ut i ringen, kvassøygd og skjeggfager, og stemde i med ‘Ormen lange’». Dette står å lesa i etterordet til Dikt i samling av Henrik Rytter. I dag finst det eit museum om Aasmundstad på Kvikne i Nord-Fron, der han budde på slutten av livet.
Olav Nygard hadde både interessa for norrøn litteratur og særleg for Shakespeare med seg igjennom heile livet. Det lange, omfattande diktet «Shakespeare» går truleg attende til drama-opplesingane til Aasmundstad. Det same gjeld passasjar i diktet «Wergeland», der Nygard fortel korleis diktaren sprang fram or den «norrøna-urdraumen».
Olav Aasmundstad stod for den fyrste omsetjinga av ei islandsk ættesoge til landsmål: Njaala: elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans (1896–97). Ved sida av står attdiktinga hans av det kjende «Darradarljod» i Njålssoga. Diktet er i fornyrdislag og har bokstavrim som bind saman verslinene. Aasmundstad overdriv bokstavrimet i visse liner, men som fyrste freistnad på omsetjing av norrøn dikting til nynorsk er det likevel eit godt arbeid.
«Darradarljod» – «spjot-vers» – fortel om eit slag nær Dublin i 1014, der den irske kongen Brian Boru fall. I Njålssoga heiter det at ein mann såg tolv valkyrjer som vov ein vev av mennesketarmar, medan dei sa fram dette kvedet som varsla mannefall og blodspille.Den anonyme skalden brukar vevstolen metaforisk: Renninga er tarmar, og veven som heng ned frå ein bom (reven), har hovudskallar som steinar (kljåsteinar). Skeia til å slå veven med er blodige sverd. Det er ikkje triveleg lesnad, men er i ekte vikingånd.
Darradarljod
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.