Diktet

Diktet: Anders Arrebo

Publisert

«BLandt alle disse Diur som Gud gaf Liif oc Aande/ Blef Mensken aller sidst opbygt af Herrens haande», slik opnar Anders Arrebo siste del av «Første Uges siette Dag» i Hexaëmeron (skrive i 1630-åra). Det er altså tale om Guds siste skapingsakt, av mennesket.

I dei førre utdraga viste eg korleis Arrebo overraska ved interessa si for nordnorsk natur i Hexaëmeron. Og Arrebo sluttar ikkje å overraske: Vi skulle forvente at Arrebo fortalde om skapinga av Adam og Eva i Edens hage med lyriske skildringar, ispedd teologiske utgreiingar, og det gjer han, men i hovudsak går han fram som ein moderne kirurg og forklårar menneskekroppen del for del gjennom anatomisk disseksjon!

Arrebo opnar denne passasjen i munnleg stil med eit «oc hvad?», før han går over i eit språk lånt frå naturvitskapen – med skalpellen i hand går han laus på menneskehjernen. Ein randmerknad på same side viser til Anatomicæ institutiones corporis humani (1611) av Caspar Bartholin. I dette verket har Arrebo altså funne detaljar han omtalar her, som ideen om at hjernen har tre kammer. I kjend stil, gjennom perifrasar, omskrivingar, skildrar han hjernen som heimstad for kjensler, fornuft og «Seener», som vi òg må forstå som «nerver», i og med at lækjevitskapen den gong ikkje skilde mellom dei.

Han fortel så om minnet vårt, som kan hugse ting utan å skrive det ned, samtidig som han vektlegg hjernen som ein «Indvortis Hemlighed» – som han, som enkelt menneske, ikkje til fulle kan forklåre «paa Papiir». Mysteriet gjeld særleg ei ånd, med livskraft, som saman med blodet fer «op oc neder» i kroppen og er opphav til «een fuld kraftig Sæd» – formeringsevna.

Kan vi kalle slikt for poesi? Slike utdrag frå dansknorsk poesi finst ikkje i diktantologiane. Det utfordrar oss på kva poesi er, slik at vi vågar gå til eldre dikting og oppdaga klassikarane på nytt. Jamfører vi denne passasjen med plansjane til den kjende renessanseanatomen Andreas Vesalius, vil vi nok sannkjenne venleiken og naturrealismen i Anders Arrebos Hexaëmeron.

Hexaëmeron (utdrag)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement