Diktet
Diktet: Anders Arrebo
Denne gongen tek vi også føre oss Anders Arrebos Hexaëmeron (skrive i 1630-åra). Den danske presten vier plass ikkje berre til fisk, men òg til fuglar: «Nu Musa, immer fort, vor dag tagr paa at helde,/ Sig mig hvad Fugle-art der yttris Noorden fielde./ I lange Norge-Land (...).»
Slik opnar Arrebo passasjen om norske fuglar i kapittelet «Første Uges femte dag». Her er atter interessa hans for nordnorsk fauna tydeleg. Og her skil Arrebo og Petter Dass lag, for skildringa av nordlandske fuglar hjå sistnemnde er stutt – ikkje eingong kjende fuglar som ørn og skarv er omtala.
Arrebo nemner i fleng: «Der boer den sorte Rafn, den Ørn i field hin høje»; «Der findis Tøder, Røy, Urhanen, Acheloen,/ Helioens tyri lyr der høris, Spoens spoen»; «Hafhesten findis der; af underlig Natuure;/ En liiden graa-klæd Fugl, med Næseborrer stoore». Etter litt grubling kjenner vi att nokre namn: røy (storfugl), orrhane, heilo og spove. Fugleljodar er sjeldan nemnde i så tidleg poesi, det er difor løgleg at Arrebo nemner «tyri lyr» frå heiloen.
To fuglar får lengre omtale, dei er attgjevne i denne spalta. Fyrst alka, så ein annan sjøfugl, truleg lomvi. Og her slår Arrebo atter til med ljodhermingar: «I tul, i tul, i tul, tul om, tul om, i tulle» – som sjøsamane seier når dei jaktar på alka. Ikkje akkurat uttrykk vi forventar å finne i 1600-talspoesi! Lomvien får gjennomgå i neste utdrag, fuglen framstår som ein komisk skapnad. Han har eit fælt målføre, for tunga er skoren av, og er klumsete på land, for han er «lemlesta» med «bakbundne» føter. Han minner òg om det Arrebo kallar «Magalonisk ænder» pingvinar, som vantar «Vinge».
Er desse observasjonane baserte på sjølvsyn? Som biskop i Nidaros gjorde Arrebo ei reise til Nord-Noreg, men som etnograf Ole Martin Solberg har påvist, er ein del av det nordnorske stoffet henta frå Erik Schønnebøls Beskriuelse om Lofoten, Vestraallen Annenes, Røst och Verrøen (1591). Skilnaden mellom dei har eg vist her: Arrebo gjer stoffet levande med poesi, humor og ablegøyer.
Hexaëmeron (utdrag)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.