Diktet
Diktet: Anders Arrebo
Foto: Wikipedia
Denne gongen blir det også utdrag frå Anders Arrebos Hexaëmeron (forfatta i 1630-åra). I kapittelet «Verdens første Uges tredie Dag» skildrar Arrebo Guds skapinga av jorda og vatnet – og der omtalar han det truleg mest kjende naturfenomenet i Norden i tidleg nytid: Moskstraumen i Lofoten – ein av dei sterkaste tidvasstraumane i verda.
På Arrebos tid konkurrerte lærde i heile Europa om å gje ei forklåring på fenomenet. Til dømes skreiv den kjende vitskapsmannen Athanasius Kircher side opp og side ned om Moskstraumen. Vi kan jamføre malstraumen med «mysteriet» Bermudatriangelet i vår tid, for ein tenkte det var livsfarleg å ferdast i Lofoten. Så seint som i 1851 nemner Herman Melville straumen i Moby Dick. Der sver kaptein Ahab at han skal forfylgje den kvite kvalen rundt alle ytterpunkt i verda, ja, rakt til helvete, om han må: «Aye, aye! and I’ll chase him round Good Hope, and round the Horn, and round the Norway Maelstrom, and round perdition’s flames before I give him up».
Arrebo sparar heller ikkje på krutet: Når straumen bryt langs fjelløya Mosken, og det går mot flo eller fjøre (takk vere månen), veks bylgjene seg så store at dei dekkjer til sola. «Er Vinden Strømmen mod», blir han så sterk at hus blir riste frå grunnen og sende ned i malstraumen.
Arrebo er eit av få forfattarnamn Petter Dass nemner i Nordlands Trompet, nettopp i si omtale av Moskstraumen. Men herr Petter går ikkje god for sin eldre diktarbror: Han avviser Arrebo og lanserer ei meir nøktern forklåring på naturfenomenet. Sigri Skjegstad Lockert som har skrive ei bok om Moskstraumen, seier at Nordlands Trompet er «det mest beskrivende og forklarende av verkene om Moskstraumen i denne tidsperioden».
Men Petter Dass var likevel ein beundrar av Arrebos poesi. Det kjem fram av siste utdraget, der Arrebo vender seg til Gud. Jamfører vi dette utdraget med Dass’ «Herre GUD! Dit dyre Navn og Ære», finn vi likskapar: Begge tekstane er herlege, barokke tiltalar av Gud som skapar av både store og små fenomen i havet.
Hexaëmeron (utdrag)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.