Diktet

Diktet: Anders Arrebo

Publisert

Eg held fram omtalen av diktet eg presenterte sist eg skreiv i denne spalta, Hexaëmeron (forfatta i 1630-åra) av Anders Arrebo. Som sagt vier Arrebo stor plass til Nord-Noreg i hyllinga av Guds skaparverk. Liksom andre nordiske prestar i tidleg nytid var Arrebo interessert i naturvitskap – her peikar han fram mot den mest kjende naturhistorikarpresten i norsk soge: Erik Pontoppidan og hans Norges naturlige Historie (1752–1753). Skilnaden mellom dette verket og Hexaëmeron er at det sistnemnde er skrive på rim og rytme. Det er typisk for eldre litteratur – det er fyrst fram mot 1800-talet at poesien blir avgrensa til subjektiv lyrisk tale.

Eg gjev att dette utdraget fordi det illustrerer eit av dei mest kjende norske naturfenomena i tidleg nytid, gnagaren lemen. I siste del av utdraget finn vi ei rimeleg påliteleg skildring av denne hardhausen i fjellnaturen: Denne musa med stutt rumpe (hale) bit seg så hard til ein kjepp – når du rekkjer kjeppen mot han – at du kan kaste lemenet av garde med kjeppen. Om lemenet påkallar andre lemen når han blir biten av ein hund, som det står lenger ned, er heller tvilsamt.

Det mest fantastiske står i byrjinga av utdraget: I oktober fører skodde og fukt ned «i stoor mangfoldighed» lemen. I dag kallar vi det lemenår, men vi trur ikkje dei blir skapte i skylag og kjem dalande ned på oss. Arrebo baserer seg på naturhistoriske idear i samtida: spontan generering – det at liv kunne oppstå av seg sjølv, og at ikkje berre regn og snø, men alle mogelege ting kunne dette ned frå himmelen.

Fantasi og dikting, ville vi sagt i dag, det siste ordet her i to tydingar. Men den gong galdt dette som seriøse vitskaplege teoriar, jamvel om Arrebo ikkje heilt kunne forklåre det: «Men naar der regner ned, Melk, blod, af Luft hin kolde,/ Jern, beg, Svogl, Aske, Steen, oc Lemmend mangefolde/ Orm, krud, kriid, tudse, kiød, fisk, oc sligt tingest mere,/ At det natuurligt skeer, vil ej min Musa lære.»

Hexaëmeron (utdrag)

For Norden daarefield, da Vintren er for Døre,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement