Diktet
Diktet: Anders Arrebo
Attmed står atter eit utdrag av Anders Arrebos Hexaëmeron (skrive i 1630-åra). Denne gongen har vi flytt oss over frå kapitlet «Første Uges femte Dag», om skapinga av fisk og fuglar, til «siette Dag», om «Diurs, Ormes, oc Menniskes Skabning», og fascinasjonen hans for Nord-Noreg er enno påtakeleg.
Og denne gongen er vi i Finnmark, mellom samane. Mykje som vart skrive om samane i denne tidsperioden, er ikkje hyggjeleg lesnad – eit kjent døme er Peder Claussøn Friis’ ord: «De ere allesammen grumme Troldfolck, huis Lige jeg icke troer at hafue nogenstefs værit.»
Men Arrebo er mellom dei med positiv skildring av folket. Det gjer han gjennom ei makelaus hyllest av reinsdyret. Arrebo går fram på same måte som før omtala: Apostrofe (tiltale) og perifrasar (omskrivingar) av dyret, der han viser korleis det gjev materiale og mat til samane, til alle omkverve av livet deira.
Til sist set han opp ein kontrast mellom gåvene reinen tilbyd og det spartanske livet dyret sjølv lever. Vi kjenner også denne gongen att norske gloser, som «rein» med i og «blå», som i ein randnote blir forklåra som «7 norske mile», altså «dagsreise», som i «fara frå blå til blå». Og her nyttar Arrebo jamvel eit samisk ord: «kyrris», samisk «geres», ein slede.
Så lenge det er snø i Finnmark, vil reinen pryde i diktet mitt, avsluttar Arrebo. Verslina er sjølvsagt prega av si tid – det er skrive i den vesle istida, og i framtida, med klimaendringar, er det uvisst om snøen blir liggjande i Finnmark. Men vi skjønar likevel denne bravuren til slutt. Hyllesta av reinen skal stå til evig tid. Reinsdyret har vel knapt fått større lovtale, korkje før eller sidan!
Hexaëmeron (utdrag)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.