Diktet

Diktet: Anders Hovden

Johannes Lavik (1856–1929).
Johannes Lavik (1856–1929).
Publisert

Dette diktet stod på prent i Fagnafolk (1938) av Anders Hovden, ei bok full av lovprisingar av menn og kvinner. Mange av dei var norskdomsmenn, som Johannes Lavik (1856–1929), grunnleggjar av og bladstyrar i Gula Tidend. Som det kjem fram av fotnoten, skreiv Hovden diktet då Lavik gjorde om avisa til dagsavis i 1914. Lavik var òg initiativtakar til Noregs Mållag, skipa i 1906.

Det er eit endeframt, klisjéfylt dikt som tener eitt føremål: å lyfte fram Lavik som «bygningsmann» for det norske «huset». Hovden nyttar òg «båt» som symbol, kanskje han meiner Gula Tidend. Det er ein kampsong, for det gjeld norskdoms- og målsak – eit kjent tema i nynorsklitteratur før krigen.

«Du kunde aldri med å snu, men stemnde alltid beint», skriv Hovden, og viser dermed til den kompromisslause naturen til Lavik. Den hadde ei negativ side, for Lavik var kjend som ein nådelaus bokkritikar: Han rette kritikk mot Hulda Garborg fordi ho skreiv bøker på bokmål, han avviste Olav Duun for «at hans menneskjor ikkje yvertyder». Neppe ein råkande dom, for Duun er vår store menneskekjennar. Lavik slakta også Olav Aukrust – det er som om dikta hans «geipa etter deg». Nynorskfolk austanfjells og i Trøndelag var rasande på denne vestlandsfanden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement