Diktet: Anders Underdal

Underdal hadde ikkje same høge litterære ambisjonane som Nygard, men skreiv fleire songar med ein var, lyrisk tone.

Diktet

Publisert

Framover vil eg presentere diktarar som stod i kontakt med Olav Nygard (1884–1924), poeten frå Modalen i Nordhordland som døydde i ung alder av tuberkulose. I år er det markering av at det er hundre år sidan Nygard gjekk bort.

Nygard gjekk på Møre folkehøgskule i to periodar, vinteren 1904–1905 og 1907–1908. Der møtte han ein annan bondeson som hadde diktarvyar, Anders Underdal (1880–1973). Underdal var far til Margit Sandemo og vart kjend gjennom dei ville ideane hennar om at Underdal var son til Bjørnstjerne Bjørnson.

Underdal var farlaus husmannsgut frå Valdres. Men med kunstnarleg talent og tiltak kom han seg opp i livet. Han og Nygard budde i lag i Kristiania 1909–1910, der prøvde dei gjera karriere som forfattarar, med varierande lukke. Fyrst nokre år seinare debuterte dei med diktbøker – Nygard med Flodmaal i 1913 og Underdal med Kvitterli-songar (1919), der dette diktet er henta frå. Dei ville opphavleg bli dramatikarar og var med Hulda Garborg og Det norske spellaget på turné på kryss og tvers av Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement