Diktet

Diktet: Anne Bøe skriv flytande verseliner

Publisert Sist oppdatert

Diktet «krigslogikk (fuge)» av Anne Bøe strekker seg over ni sider, og strofene over dannar første del. Diktet er henta frå krigslogikkene, ein diktpamflett skriven i 2001. Inntektene til poeten gjekk til Afghanistankomiteen. Det er ikkje vanskeleg å høyre orda frå den tida i hovudet når ein les diktet: «krig mot terror», «om du ikkje er med oss, er du mot oss».

Bøe skriv flytande verseliner, i dette diktet som ofte elles. Spørsmålet i opninga glir vidare i eit komma og så ein påstand – denne drifta vidare-alltid-vidare blir understreka av måten ho brukar det kjende uttrykket på: «øye for øye for». Uttrykket held fram, ballar på seg, slik hemnen gjer.

I diktet går Bøe inn i krigens språk og tankesett, og ho ser på korleis dette fungerer. Det er eit språk som ikkje har rom for tvil eller fleirtydigheit, som krev at menneska lystrar. «før du er i/ krig, er den i deg», skriv ho, og peiker på korleis mellom anna språket kan normalisere krigshandlingar.

Andre strofe opnar tilsynelatande i aksept, men den er resignert eller ironisk, papegøyerepeterande, for i neste line kjem kritikken: «som om det var forræderi å rekke ut hånden, å». Å! Om det berre hadde fungert å rekke ut handa! Men det er ikkje ein del av krigslogikken. Og bruken av bokstaven å er heller ikkje eit reint utrop, men starten på ei ny line, der diktet flyt vidare. Det er likevel noko nesten muntert ved denne plasseringa av å-en, noko romantisk som bryt opp diktet, bryt den krigslogiske sirkelen på leikent vis.

krigslogikk (fuge)

fins en krigslogikk, før krigen
har krigen begynt, øye for øye for
tann for tann, for eller imot, du er i
krig, har ikke valg, det fins bare
svart og hvitt, to tanker kan ikke tenkes
som ikke ligner hverandre, før du er i
krig, er den i deg, etter sorg kommer hevn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement