Diktet

Diktet: Birgit Nissen

Publisert

Den 6. oktober 1943 blei 26 norske motstandskvinner sende frå Grini til konsentrasjonsleiren Ravensbrück med skipet «Monte Rosa». Ei av desse var Birgit Nissen (1899–1945).

Ho hadde blitt arrestert første gong i oktober 1942 for «tyskfiendtleg verksemd» med illegale aviser, men slapp fri etter nokre veker. Ho blei arrestert for andre gong den 1. juni 1943, overført frå Bredtveit til Grini fangeleir 6. juni og altså send vidare til Ravensbrück den 6. oktober. Lise Børsum skriv om Nissen i Fange i Ravensbrück (1983): «et fint menneske. (…) Kunnskapsrik og belest spredte hun håp rundt seg».

Birgit Nissen hadde bakgrunn som journalist frå ulike blad og tidsskrift på 1920-talet, og ho var ein periode tilsett hjå Gustav Vigeland for å katalogisere tresnitta hans. Utover 1930-talet var ho «fri journalist i arbeidarpressa» og aktiv i Kvinneligaen for Fred og Frihet. Saman med Lise Lindbæk og Gerda Grepp var ho ei av «få, men sterke kvinner» som markerte seg med skarp penn mot den gryande fascismen, som pressehistorikaren Rune Ottosen skriv. Ho rakk òg å gjere ein innsats som kommunepolitikar for Arbeidarpartiet før andre verdskrigen braut laus.

Aschehoug gav i 1949 ut ei posthum samling med dikt av Birgit Nissen som for det meste skal ha vore skrivne dei første åra av krigen. Dikta hennar er prega av tidsånda, utan å vere eintydig agitatoriske. Diktet «I biblioteket» er heller ikkje noka enkel lovprising av biblioteket som eit fyrtårn for den frie tanken, men dei tilsynelatande tause og anonyme granitolinnbundne bøkene står likevel framfor eg-personen som eit vern mot larmen og dei ville straumane der ute – som eit stille vern mot vald.

På veg heim frå Ravensbrück med Dei kvite bussane blei ho smitta med tyfus; ho blei innlagd på Helsingborg epidemisjukehus då ho kom til Sverige, og døydde der etter fire dagar, 29. april 1945.

I biblioteket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement