Diktet
Diktet: Bjørn Aamodt
Foto: Knut Falch / NTB
Bjørn Aamodt frå Sandvika (1944–2006), sjømann, kranførar, psykologistudent, industriarbeidar, nattevakt på Blåkors, busett på Nesodden dei siste 17 åra av livet sitt, er ein av dei mest originale norske poetane i nyare tid, med ni diktsamlingar frå 1973 til 2010 – med Samlede dikt i to utgåver, 1995 og 2007. Han var son av målaren Asbjørn Aamodt.
Det originale har å gjera med ein usedvanleg formstrengleik. I samlinga Stå (1990) er alle dikt på tre – rett nok lange, ofte gåtefulle – liner: «En hvit sol og en svart måne drar tidevannet gjennom oss/ som et tynt sagblad: ønsker å bli sett, ønsker ikke å bli sett, ønsker å bli sett/ slik svaberget, på svøm ut fra land i tung sjø, snur seg mot fjellet.»
I samlinga Knuter, Mulm og andre dikt (1980) finn vi dagens tekst, med bokstaven U som motor, ut frå ordet Mulm, som tyder mørke («i mulm og mørke»), men her er også godvêrssøndag og middagsmat med oksesteik og pus uhøyrleg murrande under jøtulomnen. Storhavet mullar langs rullesteinsstrendene, tåkeluren ular frå ein utlossa tankbåt, fabrikksirena set punktum for eit langt nattskift. Kvifor «setter punktum»? Fordi bokstaven U, som diktskrivaren sjølv seier det, er følgjesveinen hans. Derav også: ulv ute på snøviddene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.