Diktet

Diktet: Den Norden=Fieldske Vinter (utdrag)

Publisert

I det siste har både Jan Erik Vold og eg omtala vinterdikt. Her kjem eit vinterdikt til – då som naturhistorie på rim og rytme. Over finn de utdrag av langdiktet – med den lange tittelen: Den Norden-Fieldske Vinter, fornemmeligen saaledes, som den sædvanligen falder i Trondhiems Amt besønderlig, med nogle af de almindeligste Land=Gierninger, kortelig forfattet riim=viis (1764) av Marcus Frederik Bang (1711–1789).

Bang, som kom frå Sjælland, overtok bispesetet i Trondheim i 1773 etter den kjende Johan Ernst Gunnerus. Då han skreiv dette diktet, hadde han budd 25 år nordanfjells, og dansken hadde fått høve til å bli godt kjend med den sure, kalde vinteren.

Det synest i diktet – han skriv om byfrøkna, den «nipre Møe» «blaa af Kulde», men særleg om livet hjå bønder, som vi ser av utdraget, om «Landmanden», der også sjømannen i vinterstormar er omtala. «Frækk» tyder her djerv, dristig. Neste strofe er løgleg, det handlar om bokormen som sit innandørs, og minner oss om eit problem vi ikkje lenger har: levande ljos som einaste ljoskjelde. Kanskje viser diktaren her til seg sjølv? Eg avsluttar utdraget med siste strofe i diktet: Endeleg kjem sumaren, men han er stutt nordanfjells.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement