Diktet

Diktet: Det begynner å bli et liv

«Ole Paus var ein einar i den norske visebransjen.»

Publisert Sist oppdatert

Ole Paus (1947–2023) var ein utruleg produktiv visediktar, med fleire hundre songar offentleggjorde på meir enn 30 platealbum, frå 1970 til i fjor. Turnéverksemda var omfattande, populariteten hans eineståande, han var ein einar i den norske visebransjen. Mange refreng er blitt ståande som allmenne munnhell: «Nå kommer jeg og tar deg», «Ikke gjør som mora di sier», «Du kaller det vakker musikk, det som jeg kaller blues», «Selv sopere har et hjørne i himmelen» – humor og samfunnskritikk, rampete songar. Ikkje minst på dei fire platene han kalla Pausposten (1977–78), der både Lauritz J. Dorenfeldt og Kjell Opseth, Berge Furre og Vibeke Løkkeberg får gjennomgå. I tillegg Bergens politimeister Asbjørn Bryn.

Ole Paus var fødd i Oslo, voks også opp i Trondheim og Elverum, var gift tre gonger og hadde seks born. Alf Cranner og Alf Prøysen hjelpte til med å få dei første platene utgjevne. Musikalsk samarbeidde han heile livet med Ketil Bjørnstad – og Jonas Fjeld frå 1990-talet av, då dei lanserte seg som «To rustne herrer». Songane vert attgjevne i Pauspoeten. Sangtekster gjennom 50 år (2020), redigert av Leif Gjerstad og Lars Ulseth.

Dagens tekst er frå ei plate som vart gjeven ut i samarbeid med Kirkelig Kulturverksted (1998). Under Ole Paus’ 70-årsfeiring i Operaen seier programleiaren: «Det er en moderne salme på sitt beste… Ole har alltid vært på farten, uten å se seg tilbake. Men i denne teksten gjør han nettopp det. Han stopper opp og reflekterer over sitt liv. Han stiller spørsmål ved hvordan han har levd, og hva han har ofret på ferden. Det er et slags oppgjør med fortida, for å kunne gå videre. Det er en tekst som rommer alt.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement