Diktet

Diktet: Halldis Moren Vesass

Halldis Moren Vesaas.
Halldis Moren Vesaas.
Publisert Sist oppdatert

I sommar, då hetebølgene rulla som verst over Sør-Europa, las eg boka til den danske diktaren og antropologen Sofie Isager Ahl (f. 1988) Demeters latter (i Sindre Andersens norske gjendikting). Boka blei innimellom som ein nyhendebulletin med setningar som «Ørkenene i Toscana brer seg igjen».

Det finst to bøker av Ahl på norsk, båe utgjevne på Moss-forlaget H//O//F, og ei tredje bok er nett utkommen på dansk. Ho skriv kunnskapsrikt, konkret og lågmælt, men samtidig sanseleg oppeldande om landbruk i ei økologisk krisetid. Bøkene hennar hamnar i dikthylla på biblioteket, men i form vekslar ho mellom dikt og kortprosa, sakprosa og fotografi.

Ahl skriv bøker som får ein til å vilje lese meir, i alle retningar. Eg vil lese om ørkenspreiing i Europa, om vilkåra for vinproduksjon og om etruskarane si fruktbarheitsgudinne Vei. Og om Demeter. For hjå Ahl fungerer gamle mytar som varsel for vår tid. Korleis var det no att med Demeter, gudinna for grøde?

Eg er glad i versjonen til Halldis Moren Vesaas, slik ho formidlar han i Den gode gåva frå 1987. Samlaget presenterte dette som ei biletbok for barn, vakkert illustrert av Kaja Thorne, men det er òg eit langdikt, ei lyrisk forteljing om kvifor Demeter «brukte si makt, som var stor», og «stansa all vokster på jord». I sentrum står kampen om dottera, som Hades har røva med seg til dødsriket, og som Demeter saknar så sterkt at jorda blir gold og aude. Zevs må til slutt få til eit forlik mellom Demeter og Hades, slik at dottera vekslar på å vere hjå dei. Slik oppstår årstidene, ein vekselgang av det gode. Men kva om Demeter vel å streike oftare og meir?

Halldis Moren Vesaas var 80 år då Den gode gåva kom ut, og ho skulle enno få fleire grøderike år som forfattar, omsetter og formidlar.

Men visst var ho framleis gudinne,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement