Diktet

Diktet: Henrik Ibsen

Som lyrikar skreiv han dikt sporadisk gjennom heile livet, men berre éi diktsamling vart gjeven ut.

Publisert

Henrik Ibsen var, som vi veit, ein stor diktar (1828–1906), som til liks med Franz Kafka og James Joyce aldri fekk Nobelprisen. Han er verdskjend som dramatikar og har skapt figurar som Hedda Gabler og Terje Vigen i tekstar anten utan enderim, eller tekstar med.

Som lyrikar skreiv han dikt sporadisk gjennom heile livet, men berre éi diktsamling vart gjeven ut: Digte, som kom i 1871. Vigdis Ystad gav i 1991 ut ei større og fyllestgjerande utgåve: Dikt av Henrik Ibsen, som Bokklubbens Lyrikkvenner stod for. Det er ho som har valt ut dagens tekst, henta frå slutten av Peer Gynt.

For all del finst det dikt av Ibsen som er vortne allment kjende: «Borte!», med slutt­strofa «Det var en fest kun, –/ før natten den sorte;/ hun var en gjest kun, –/ og nu er hun borte.» Og livsprogrammet til diktaren: «Å leve er – krig med trolle/ i hjertets og hjernens hvelv./ Å dikte, – det er å holde/ dommedag over seg selv.» Eller Henrik Ibsens eige resymé: «Mot snelandets hytter/ fra solstrandens kratt/ red hjemløs en rytter/ hver eneste natt –//Nyss steg han av hesten,/ fant åpen hver dør –/ kunne hjemløse gjesten/ kanskje kommet litt før?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement