Diktet

Diktet: Ingvild Burkey

Publisert

Det utenkjelege hender nett no. Nett no døyr barn og barnebarn i tusental, og heile bydelar blir jamna med jorda, medan verda ser og høyrer – mest mållause av sjokk og fortviling. Dette hender verkeleg. Kva seier det om oss menneske, om verda?

Den mest tenkelige av alle verdener heiter ei diktsamling av Ingvild Burkey (f. 1967) – ein nøktern vri på Leibniz’ «den beste av alle verdener», men likevel ein ufatteleg fråsegn i lys av krigsbrotsverk. Boka blei brageprisnominert og fekk mykje ros for den kloke undringa over korleis vi erfarer og oppfattar verda. Kan vi lite på røynslene våre? Kva skjer med alt vi trur og veit som barn, når vi blir vaksne? Hans H. Skei skreiv om boka til Burkey at ho er «en stillferdig og vakker samling om det vi bærer med oss fra barndom og oppvekst og som aldri blir borte».

Det er ei variert samling med fleire slåande og gode dikt; ei bok eg har henta fram og lese med jamne mellomrom. Men plutseleg står no diktet eg har valt denne veka, fram som eit lysande, mørkt antikrigsdikt. Eg har ikkje lese diktet slik før, men no maktar det å målbere noko av det ufattelege: å skulle vogge eit barn i søvn medan krigen herjer, med «seil i mørke lille jord» og andre milde verselinjer henta frå Inger Hagerups «Kvelden lister seg på tå. Natta som fell frå stor høgde, er no eit frykteleg, svimlande bilete på terroren som råkar blindt. Dermed får Hagerups trøystande ord om at natta kjem og «alle ting blir borte», ein sår og grufull dimensjon, sjølv om det framleis finst eit lite håp i at natta kan gi litt kvile frå vondskapen.

Ingvild Burkey har i dei seinare åra arbeidd særleg med gjendiktingar av den nyleg avlidne nobelprisvinnaren Louise Glück. Burkey debuterte sjølv med diktsamlinga Torden i søvne (1994) og har gitt ut ein roman og prosatekstsamlinga Intervju med den hjemvendte helten (2002), som mellom anna baserte seg på Burkeys røynsler frå fredsarbeid i Bosnia etter krigen. Det er krevjande og komplekst materiale som ho maktar å setje ord på.

Eit dikt kan skape eit bilete, ein biletsekvens eller ein liten tekstvevnad som ikkje før fanst. Men det kan òg formulere seg sant om slikt som hender lenge etter at diktet blei nedskrive.

regnet drar et plutselig forheng rundt huset

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement