Diktet
Diktet: Jo Eggen
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva diktet er? Ein bitte liten høgtalar eller seismograf for dei minste ting, for gras og regn og vindstille, ikkje berre for tinga slik dei er her og no, men for kva enn dei måtte syne av tida og historia dei ber med seg. Graset som er og blir, i og kring ruinane av ein katedral søraust i Irland.
Jo Eggen, fødd i 1952 på Lillehammer, voks opp på Hamar med verda i stova, gjennom farens interesse for kart og geografi, som han fortel til Henning H. Bergsvåg i ein ny, god episode av podkasten Poesidigg. Han har sjølv reist mykje, som student og utøvar av språk, litteratur og musikk, mellom anna i Aust-Europa og Russland, og særleg med dei fem seinaste diktsamlingane har han etablert seg som ein reisediktar, ein som har utforska reisa som ramme og katalysator for dikting.
I Ruindikt går reisa til Irland. Boka kom i 2017 og gav Eggen nominasjon til Brageprisen. Saman med bøkene Stavkirkedikt og Øydikt er Ruindikt innlemma i trippelutgåva Reisedikt 2007–2017, utgjeven i samband med at Eggen fylte 70 år i 2022. Utgåva inneheld altså ikkje Dikt om Sverige (2020) og boka Islandske dikt, som kom ut i fjor. «Eggen er like lite noen guide som en flanør», skriv poeten og omsettaren Monica Aasprong i etterordet, men ein som nærmar seg staden, materien, gjennom det poetiske språket. Dikta til Jo Eggen er prega av dette som Henning Hagerup ein gong kalla for ein «tenkende sanselighet».
Jo Eggen er ein av tre nominerte til Triztan Vindtorn poesipris 2024, som vil bli delt ut i Drammen på verdas poesidag 21. mars. Han held Rolf Jacobsen-førelesinga under opninga av Nordisk poesifestival på Hamar, dagen før denne avisa kjem ut, på skotårsdagen 29. februar.
Gras, Ardmore katedralruin
Golvet grønnes
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.