Diktet: Johan Nordahl Brun
Foto: Skeivtarkiv.no
Snøfall og vinter har det vore til gagns no ved nyttår i mange delar av landet. I Arendal varsla kommunen unntakstilstand. Eg og familien var på ei nyårsfeiring i sentrum av Oslo. Då vi skulle heim midt på natta, møtte vi ein vegg av snøfok. Den eine bussen etter den andre køyrde seg fast, og vi måtte grynne i djup snø før vi nådde husdøra.
Men la oss gle oss over snøen og vinteren! Det gjer Johan Nordahl Brun i dette diktet, som blir attgjeve i utdrag her. Heile diktet på åtte strofer er å lesa på den fine nettstaden bokselskap.no, der det òg finst informasjon om diktaren, som at han er forfattaren av «For Norge, Kiempers Fødeland» og Bergens bysong «Udsigter fra Ulriken».
Brun opnar «Den norske vinter» med eit panorama av eit vinterlandskap, med bakkar, granskog og islagt vatn. Språkbiletet «puddret haar» signaliserer kva type snø det er tale om, lett, rein nysnø – mjell. Det høver òg med metaforen «Engledragt». Ikkje rart då at Brun avsluttar denne strofa med ei prioritering av vinteren over våren – og dermed opponerer mot ein stor del av lyrikktradisjonen, der våren er favorittårstida.
I dei påfylgjande strofene fokuserer Brun på norske bønder – «Dalens muntre Sønner» – og arbeidet deira i dalen. Her fylgjer Brun eit kjent motiv frå antikken fram til romantikken, nordmennene som ei frisk og hardfør folkeferd som trivst i kuldegrader der dei fer ned liene på ski eller i «kanefart». Ja, motivet finst enno i sporten i dag, som i «skijentene våre». Brun skildrar den sosiale klassen han tilhøyrer, lenger ned i diktet, embetsmannsstanden, der mange hadde tysk-dansk opphav: dei sit trygt innandørs – i «varme Sal ved breden Bord» – men skålar likevel for bøndene: «Skaal for den første Stand i Landet,/ Som pløier Hav og dyrker Jord.»
Men den siste strofa fører alle saman – trass opphav og stand – med ei «Venskabs Skaal». Om enn alt frys, så garanterer venskap ein indre varme. Med denne venskapskåla ynskjer diktspalta lesarane godt nytt år! Eg sender også ei skål til Øystein Rian som sette meg på sporet av dette diktet.
«Den norske vinter» (utdrag)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.