Diktet

Diktet: Jon Fosse

Publisert

«Det viktigaste Walt Disney har gitt verda, er… pausen», høyrde eg ein journalist seie på radioen her om dagen. Eg trur han meinte ein pause frå kvardagen. Visst kan eit lite og unnseleg ord romme mangt og mykje ulikt, tenkte eg, oppglødd og innsausa som eg var i pausar, postdramatikk og rytmiske repetisjonar hjå Jon Fosse etter tildelinga av Nobelprisen i litteratur 2023 til han… og til nynorsken.

Tekstane til Fosse er ikkje fulle av vanskelege ord, men dei tyder ofte mykje på mange plan samstundes. Difor må ein hugse at: «Ein pause seier aldri alt, rytmen er aldri heile dansen.» Sitatet er henta frå Espen Stueland som skreiv ei heil bok om pausane hjå Fosse med tittelen Å erstatta lykka med eit komma. Essay om cesur, rituell forseintkomming i produksjonen til Jon Fosse (1996).

Som kvar einaste bibliotekar på kvar knaus og tue feira eg utnemninga 12. oktober med å sette fram metervis med bøker av og om Fosse – alt dette som forfattaren og innkjøpsordninga så raust har skjenkt folket sidan debuten i 1983. Eg kunne stolt konstatere at forgjengarane mine hadde forstått å ta vare på også dei tidlegaste bøkene til Fosse, som no er meir verdfulle og meir fylte av meining enn nokon gong. Desse bøkene har aldri bede om å bli lesne gjennom eit «nobelfilter», men no er det vanskeleg å late det vere: Ja, sjå her har vi ein nobelprisvinnar in spe, og ja, slik skriv ein diktar som kjem til å få Nobelprisen i litteratur med tid og stunder.

Alle kan sjå at det finst noko ein ikkje kan gripe og forstå i eit dikt, og kan ein sjå det, så er det der, sjølv om vi ikkje kan gripe det. Eg hadde sett og nytt det vakre oksymoronet, altså det paradoksale biletet «i regnets svarte lys», som avsluttar dette diktet, nummer 14, i boka Hundens bevegelsar frå 1990. Men eg forstod det vel ikkje eigentleg. Heilt til eg såg fotografiet Helge Skodvin tok av verdas mest omtalte forfattar nett då, i det svarte regnet på Frekhaugkaia. Så omvendt til stades. Heilt på sin plass.

14

slik veit du at det finst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement