Diktet

Diktet: Jørn H. Sværen

Publisert

Det er jul, og då skal vel alt helst fløyme over, kanskje meir enn ein har godt av. Alternativt kan ein søkje ro, refleksjon og enklare former. Ta ein pause frå hamsterhjulet og finne attende til kjelda eller meininga med det heile.

Sjølv om poesien gjerne kan vere patosfylt, pratsam og omfangsrik, kan han òg vere ein stad for dei minste rørslene, det enklaste og mest konkrete språket. Han kan vere eit destillat, altså det ein står att med etter å ha fjerna alt som er rundt, all støy.

Om berre ruinane står att, må ein sjølv førestille seg kva bygning som stod der. Her har arkeologen og poesilesaren noko til felles.

Difor kan det kjennast litt utrygt med slik minimalistisk poesi, ein poesi som er svært open og overlèt mykje av arbeidet til lesaren. Men er det ikkje eigentleg ein invitasjon til dialog og samskaping? Poesien oppstår ein stad mellom skrivaren og lesaren. Og alle setningar har ei historie, som ein nokre gongar får syn på, andre gongar ikkje.

Jørn H. Sværen (f. 1974) er poet, redaktør, musikar, omsetjar og forleggjar av ofte bitte små trykksaker med få ord på kvar side. Han publiserer eigne dikt og omsetjingar både på anerkjende Kolon forlag, på små, uavhengige forlag, særleg i Skandinavia og Frankrike, og i tidsskrift og trykksaker som eksisterer utanfor det offisielle litteraturkrinslaupet. Han har i heile sitt virke vore oppteken av distribusjon og dialog: Korleis kan ein få tekstane ut til dei som vil lese; korleis finne alternative måtar å skape fellesskap omkring poesien på.

Eit av dei seinare prosjekta har vore å skape eit poesitidsskrift som ikkje eksisterer utan andre tidsskrift: Alle utgåver av tidsskriftet Gresshoppene har ingen konge finst berre som innslag i andre tidsskrift og publikasjonar, og «snyltar» slik på nettverket av lesarar som vertstidsskriftet har. Her blir norsk og utanlandsk poesi i omsetjing presentert for eit publikum som ikkje elles ville ha møtt desse tekstane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement