Diktet
Diktet: Kjell Heggelund
«Heggelunds improviserte førelesingar på universitetet, utan manus, er segnomsuste.»
Foto: Den norske Forfatterforening
Kjell Heggelund (1932–2017) gav ut tre diktsamlingar på tre år, 1966–1968: Reisekretser, I min tid, Punkt . 8. Desse er sidan utgjevne som Samlede dikt i fire omgangar 1977, 1996, 2004, 2012. Han underviste i litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1966 til 1992, gjekk deretter over til å verta litterær redaktør på Aschehoug forlag, 1992–2004. Eit fyldig festskrift kom til 70-årsdagen hans: All denne hvithet.
Som forskar redigerte han Petter Dass, Ludvig Holberg, Johan Herman Wessel og ei stor utgåve om surrealisme. Han omsette Paul Éluard, Benjamin Péret og mange andre. Frå latin Holbergs Nils Klims reise til den underjordiske verden.
Han sat i redaksjonen til PaxLyrikk og BASAR. Heggelunds improviserte førelesingar på universitetet, utan manus, er segnomsuste. Eigenarten hans som poet er ikkje endeleg fastlagd. Tor Ulven kallar han «en splittende klassisist». Det vert sagt at det skal finnast ei fjerde diktsamling, som Heggelund aldri gav ut.
Dagens dikt er frå samling 2. Eit kjærleiksdikt? Eller om skilnad? Snarare om båe. Med eit atterhald: Som havet. Som angsten. Bønene hennar om miskunn, miskunn. Dei stig, dei fell – og til slutt: Dei græt. Altså: Dei er båe saman i verdas «uforlignelige realitet». Det inneber at røynda er som ho er. Ho kan ikkje etterliknast.
Kva fekk vi vite om dei elskande? Hendene deira møttest. Dei vandra saman nattetider. Hendene hennar vart til eit ukjent lys. Det som gjer dei til eitt, er at dei druknar i felles bølgjer, ler mot ei felles sol. Men atter: Er det i det
verkelege havet?
Eller prøver diktet å seia noko heilt anna? Tyder «Tidekrets» at tida går i sirkel?
Heggelund les inn diktet i samlinga frå 2012.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.