Diktet

Diktet: Knut Horvei

Utsnitt frå framsida av «Festskrift til Knut Horvei på 90-års dagen».
Utsnitt frå framsida av «Festskrift til Knut Horvei på 90-års dagen».
Publisert

Også denne gongen står menneske kring Olav Nygard i sentrum. Diktet er henta frå I flogberget, som Knut Horvei gav ut som 65-åring i 1958. Horvei var alt i byrjinga av hundreåret interessert i poesi. Han møtte Olav Nygard på toget i 1918 og forstod at dette var eit talent som måtte hjelpast. Nygard og familien fekk gratis tomt og materialar til hus av Horveid, ved Evanger. I dette huset skreiv Nygard si mest kjende bok, Ved Vebande (1923), men her kom òg tuberkulosen attende og gjorde han dødssjuk. Huset står der enno i dag.

Knut Horvei seier han utvikla seg som forfattar takk vere samværet med Nygard. På slutten av 1930-åra gav Horvei ut dei historisk-symbolske teaterstykka Atlantis og Nero. Han opplevde eit gjennombrot med Hjallarbrui (1973), inspirert av Strindbergs sjanger «draumspel». Det vart sett opp på Den Nationale Scene i 1973. Men sume av stykka hans hadde eit vel stort persongalleri: «Femti roller i eit skikkeleg drama synest ikkje å vera noko stort tal for den rause bonden på Bolstadøyri», skriv Anne Gullestad i eit festskrift til forfattaren på 90-årsdagen.

Den symbolske skrivemåten gjeld òg I flogberget, med titlar som «Yve ovdjupni» og «Lagnadsnatti». I sume dikt er inspirasjonen frå Nygard tydeleg, som «Vårmorgon» og «Voggesong». Olav H. Hauge skriv om diktsamlinga i dagboka si. Han kjenner seg att, skriv han – både på godt og vondt: Det er dikt med eksistensielt innhald, men Horvei er for «raus» med å bruke store ord. Han skriv òg at «sume dikt er vellukka, serleg dei som minner minst um Nygard».

Eit slikt dikt er «Eg levde her på jordi», der Horvei viser spennet i skaparverket, frå det lågaste til det høgaste. Vi kan tenkje på evolusjonsteorien til Darwin når vi les diktet – om det som «i millionar år,/ hev lege under isen», og som utvikla seg til «menneskje og mann». Men tankane fører oss òg til Aristoteles’ lære om «animalsk og rasjonell sjel», med kontrast mellom det dyriske og guddomlege – for denne motsetnaden går att i heile diktet.

Eg levde her på jordi

Eg levde her på jordi
i millionar år,
hev lege under isen
og lengta etter vår,
hev vore fisk og fugl
og levt i kvar ei klo
som krøkte seg i fysna
og lauga seg i blod.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement