Diktet
Diktet: Kristofer Uppdal
Foto via Wikimedia Commons
Kristofer Uppdal (1878–1961), trønderdiktaren, mest kjend for tibinds-romanverket Dansen gjenom skuggeheimen (1911–24), som dreier seg om Noregs overgang frå bondenasjon til industrinasjon, var også ein eineståande poet. Han debuterte som lyrikar i 1905, ungdomsdiktinga er samla i dei to binda Elskhug (1919) og Altarelden (1920).
Han gifter seg i 1913 med kjøpmannsdottera Bergljot Magnussen frå Bergen og hjelper henne med å få ut den eine romanen Byen i 1915. Dei slår seg ned i Asker og får tre born, men berre sonen Skjalg når vaksen alder (1917–1972). Det er han som tek vare på farens etterlatne tekstar. Ekteskapet havarerer, kona får ikkje ut fleire bøker, er overspent og nervøs, døyr på ein pleieheim i 1936. I 1927 hadde ho søkt om at mannen, «sindsyk», skulle verta innlagd på Gaustad asyl, der Kristofer Uppdal vart pasient i tre år framover.
Skjalg Uppdal lukkast ikkje med å få utgjeve dikta til faren. I 1961 kjem eit utval: Hestane mine, redigert av Odd Solumsmoen, som trykkjer «Nysnøen er te å breid på meg» og 24 andre dikt. Det større bindet dikt Åt songa tå stjernom (2005, red. J.E. Vold) rommar bortimot halvtanna hundre etterlatne tekstar, deriblant også dagens dikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.