Diktet

Diktet: Liti Kjersti

Publisert

Eg er lokka inn i mellomalderballadeverda og kjem meg knapt ut att. Eg ville skrive om «Liti Kjersti», ei av dei mest tolka og formidla visene frå mellomalderen, ei vise eg aldri blir klok på, og difor blir dregen mot. Men kva for nedskriven versjon eller «oppskrift» var det eg hadde likt så godt og kvifor?

I skattkista Våre lesegleder, redigert av Mentz Schulerud og Anne-Cath. Vestly, fann eg 31 strofer der tilhøvet mellom Kjersti og mor hennar spelar ei viktig rolle, og der elvekongen lokkar og dopar ned Kjersti så ho til slutt gløymer kor ho kjem ifrå, og kapitulerer: «I bergjet er eg fødd, i bergjet vil eg døy,/ i bergjet vil eg vera elvekongens møy.» Redaktør Schulerud skriv: «Så fint at hun da fikk vinen å smake med tre villarkonn i, og slo seg til i bergjet sammen med alle sine små glade barn.»

Bandet Gåte valde ei litt anna tolking då dei presenterte sin versjon i 2002. Her var elvekongen bytt ut med Bergjekongen, og mora var ikkje nemnd. Sjølv om eg hugsa det som at Kjersti var sterk og sjølvstendig i denne tolkinga, les eg no: «Liti Kjersti ho var seg så liti eit viv, Brunfolen løyper lett/ Ho kunne ikkje råde sitt unge liv.»

Det finst over hundre nedskrivne variantar av «Liti Kjersti», og fleire har det nok vore, slik det ofte er med munnleg overleverte viser. Den utvalde versjonen er brukt mellom anna av songaren Arve Moen Bergset i 1987, og her blir ein reint ør av alt regn og blåst. Ein kan tape seg bort av mindre. Og sjølv om Kjersti lengtar tilbake til røyndomen, er det noko forunderleg fritt og farleg fengande å vere «djupt onde’ hello»; «der leikar det».

Liti Kjersti

Liti Kjersti ho va seg så fagert eit viv, – Det rigner og det blæs –

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement