Diktet
Diktet: Liti Kjersti
Gerhard Munthe: «Den Bergtagne», 1914.
Eg er lokka inn i mellomalderballadeverda og kjem meg knapt ut att. Eg ville skrive om «Liti Kjersti», ei av dei mest tolka og formidla visene frå mellomalderen, ei vise eg aldri blir klok på, og difor blir dregen mot. Men kva for nedskriven versjon eller «oppskrift» var det eg hadde likt så godt og kvifor?
I skattkista Våre lesegleder, redigert av Mentz Schulerud og Anne-Cath. Vestly, fann eg 31 strofer der tilhøvet mellom Kjersti og mor hennar spelar ei viktig rolle, og der elvekongen lokkar og dopar ned Kjersti så ho til slutt gløymer kor ho kjem ifrå, og kapitulerer: «I bergjet er eg fødd, i bergjet vil eg døy,/ i bergjet vil eg vera elvekongens møy.» Redaktør Schulerud skriv: «Så fint at hun da fikk vinen å smake med tre villarkonn i, og slo seg til i bergjet sammen med alle sine små glade barn.»
Bandet Gåte valde ei litt anna tolking då dei presenterte sin versjon i 2002. Her var elvekongen bytt ut med Bergjekongen, og mora var ikkje nemnd. Sjølv om eg hugsa det som at Kjersti var sterk og sjølvstendig i denne tolkinga, les eg no: «Liti Kjersti ho var seg så liti eit viv, Brunfolen løyper lett/ Ho kunne ikkje råde sitt unge liv.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.