Diktet

Diktet: Nanna Schwengaard

Publisert Sist oppdatert

Sist gong eg skreiv på denne sida, handla det om Hulda Garborg, den personen som var viktigast for Nygard både som inspirator og som formidlar av dikta hans. Men det fanst òg eit miljø i Bergen som fortener merksemd: idealistane attom Nygardsringen og tidsskriftet deira, Døyande gallar – Bodstikka til Nygardsvener (1929–35).

Mange nygardsvener hadde tilknyting til Vestmannalaget i byen. Det er altså ånda til Johannes Lavik, redaktøren av Gula Tidend, som lever vidare i dette miljøet. Hovudmennene, Olaf Hanssen og Conrad Clausen, gjorde eit imponerande arbeid med å samle inn ukjent stoff av og om Nygard.

Kjende diktarnamn leverte òg tilskot til Døyande gallar. Det er diktarar som er presenterte tidlegare i denne spalta: Jon Auklend, Tore Ørjasæter og Frank Frode. Men det dukkar òg opp namn som stod langt unna målsak og nynorsk poesi. 3. april 1930 står det på prent ei helsing frå Nanna Schwengaard som ho skreiv til nygardstemna i Modalen året før. Ho meiner at ho som «riksmálforfatter» «ikke er den rette til at fremkomme med nogen saklig bedømmelse av hans kunst», men skriv: «Der fins ikke vers i norsk poesi, som har betatt mig som hans, tiltrods for at det mangengang faldt mig vanskelig at forstá det særpregede málføre han benyttet sig av og de mange nye ord, skapt ut av hans inspiration og kjærlighet til sprog, norrønt i sin karakter og utenfor det almindelige.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement