Diktet
Diktet: Nils-Aslak Valkeapää
«I 19. dikt målar poeten ein vid himmel med berre seks ord.»
Foto: P.L. Tonstad / NTB
Dette korte diktet – nr. 19 – er henta frå lyrikkbiletverket Beaivi, áhcážan (1988) av Nils-Aslak Valkeapää. I 1990 vart boka gitt ut i svensk-nynorsk-bokmålsk gjendikting, ein refleksjon av det samiske folkets språklege mangfald og tilhøyrsle på tvers av riksgrensene.
Valkeapää (1943–2001) verka som biletkunstnar, musikar og forfattar. Solen, min far er i grunnen eitt langdikt, nummerert, der nokon av «dikta» er fotografi. Boka er ein årstidssyklus, ei samisk historie, ein refleksjon rundt skaparkraft, fellesskap og einsemd.
I 19. dikt målar poeten ein vid himmel med berre seks ord. Alt i første lina vidar han ut teksta; når eg les «livsens fargar», har eg straks myriadar av nyansar og lys i hovudet. Kva er livsens fargar? Er det sollyset, er det blodet, er det alle fargar? Vidare i parallellen «kjenslers// rikdom» blir fargane meir metaforiske. Dei hyppige lineskifta og blanklinene gjer diktet langsamt. Eg vender meg innover, der «regnbogen/ nordlyset» dukkar opp. Diktet gjer at eg rommar desse fargesterke himlane, løftar meg opp i avslutninga.
Nils-Aslak Valkeapää stiller her det indre livet, menneskekjenslene, opp ved sida av overveldande og halvsjeldne naturfenomen. Som så ofte i diktinga hans er det ikkje gjort for å vise fram motsetningar, men for å vise korleis det indre og det ytre (eller: individ og samfunn, livet og døden, og så vidare) glir mot og over i kvarandre. Dette knappe, tidlege diktet frå Solen, min far lèt lesaren flyte gjennom naturen inni og ikring.
19. eallima ivnnit 19. livsens fargar
dovdduid kjenslers
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.