Diktet

Diktet: Nils Yttri

Publisert

Det finst ein sjeldan musikalitet i dikta til Nils Yttri (1947–1980), unik på hans tid. Og det finst ein storstruktur i mange av dikta – og i diktsamlingane – som gjer han innstendig på ein heilt spesiell måte: «Bare stillheten ser ham» vert nemnt fem gonger i opningsdiktet til avdelinga «Drømmen er en smeltet softice i psykiaterens hender» frå 1981. Diktbøkene hans er Turister i nattens lugar (1979), Bokserens blod (1980), Når min fantasi berører dine drømmer (1981), Zenith (1982). I tillegg kjem to etterlatne samlingar redigerte av Lars Saabye Christensen.

«Hva var det som var?» opnar dei fire strofene i sluttdiktet til avdelinga «Kjærligheten finnes også i ordbøkene» frå same samling, som har sju dikt kalla «Forpostfektninger på kjærlighetens highway» – og fem dikt «Til en kvinne», med opningslina «Jeg møtte deg en vinterdag i Turku».

Diktet denne veka vibrerer av dette møtet. Chopin, Vivaldi og Brecht gjev det overnasjonale perspektivet. Her er inga sorg, men undring – så ulikt den tradisjonelle norske «end of love»-teksten. Frynsete svar: Vi kyste ikkje farvel. Sluttsitatet er frå Gunnar Ekelöfs samling Sagan om Fatumeh (1966).

Vi kostar på oss å sitera heile diktet: «Om hösten eller om våren –/ Vad gör det?/ I ungdomen eller ålderdomen –/ Än sen?/ Ändå försvinner Du/ I bilden av det Hela/ Du är försvunnen, du försvann/ nu, nyss/ eller för tusen år sen/ Men själva Ditt försvinnande/ är kvar».

For eigen del: Eg møtte aldri Nils Yttri. Men han trefte på meg. Då knytte han armen om halsen min og klemde til: «Å jaså, er det du som
er –?»

Hva var det som var?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement