Diktet

Diktet: Øyvind Berg

Publisert

No når dagane er lange og mørke, er det godt å kunne tære på oppdemd sol og lysande lesnad frå i sommar. Ikkje at bøkene ein las, var lyse og lette, men meir slike som legg seg som styrkande lag på sjela, og gir ein noko ekstra å gå på i mørke tider.

Sommeren med Balder av sjangerturnerande poet og omsettar Øyvind Berg (f. 1959) er ei bok som framleis gløder i minnet etter at eg las henne i sommar, og som trass i tittelen, eller kan hende på grunn av han, er ei god bok for mørketida, ja, for dei mørke tidene vi er inne i.

Boka er ei dagbok frå vår til sommar, med tre samanvovne hovudmotiv: hund, krig og haiku. Hunden Balder, krigen i Ukraina med tilbakeblikk til krigen på Balkan, og riss og refleksjonar omkring vesenet til haikudiktinga.

Medan krigen i Ukraina skaper uopprettelege sår og vekker vonde krigstraume i Europa, hoppar ein diger kvit kvalp rundt i hagen til Øyvind og Dina og veit ikkje at han berre skal få denne sommaren. Hunden er den store kjærleiken deira, ein stein i grunnmuren.

Kor mykje kan eit menneske tole? Kva for dikt kan romme krigens gru? Boka opnar for store spørsmål og svarar mellom anna med ei av dei minste diktformene, haiku. Berg peiker særleg på si poetiske leiestjerne, Reginald Horace Blyth (1898­–1964), som skreiv innflytelsesrike verk om haiku og zen.

«Gå til ei furu hvis du vil lære deg noe om ei furu», sa haikumeisteren Basho. Eller til ei skogstjerne, skriv Berg. Om du berre følgjer eige hovud, lærer du aldri noko som helst, då trenger du deg berre på. Du må bli eitt med det du ser, så vil opplevinga forme diktet av seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement