Diktet

Diktet: Paal-Helge Haugen

Publisert

Paal-Helge Haugen er ein forfattar som har arbeidd eksperimentelt og breitt med poesien gjennom karrieren; den første boka han gav ut, Blad frå ein austleg hage (1965), er ei samling gjendiktingar av haikudikt, medan den kanskje mest kjende boka hans, Anne (1968), er Noregs første punktroman.

Haugen har jamt nærma seg andre kunstartar, særleg musikken og biletkunsten, både i eiga dikting og gjennom samarbeid. Å bla gjennom bibliografien hans inneber å møte på sjangertermar som diktroman og musikkdramatisk forløp.

Dagens dikt er henta frå boka Det synlege menneske (1975), ei nokså fri og vidfemnande diktsamling som innlemmar både foto og tekst i dikta, og som er prega av poetens studieopphald i USA tidleg på 1970-talet. Den amerikanske (eller vestlege) populærkulturen og samfunnstilstanden er tema for mange av dikta og kling også med i boka som heilskap. Ikkje minst i den mjukt opprørske «Sangen om det synlege menneske».

«Gi oss nye bilete», opnar poeten, og peiker slik både utover mot samfunnet og inn i skrivinga, inn i den biletskapande tenkinga som høyrer til poesien. Det er lett å høyre lyden av dagens troppeformasjonar når ein les vidare. Diktet etterlyser eit blikk for det «foranderlege» og ikkje minst sjølve forvandlinga. Det er når mennesket høyrer skrika kring seg, når mennesket går saman med andre og tek «verden i hendene», at det blir eit synleg menneske. Her ligg ikkje berre ei optimistisk oppfordring til motstand, men også ei erkjenning av det tvitydige som er verda.

Sangen om det synlege menneske

Gi oss nye bilete,
ikkje troppeformasjonane,
ikkje pyramidane:
dei mjuke sterke foranderlege formene
munnen
blomsten
handa
ei hand som kan opne og lukke seg
kjærteikne og slå

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement