Diktet
Diktet: Peter Lykke-Seest
Foto: Oslo Museum / Wikimedia Commons
I dag ein forfattar som er ikkje-eksisterande, å døme etter dei litterære oppslagsverka vi har – på eitt unntak nær: den allsidige Peter Lykke-Seest (1868–1948), som fekk ei halvside i Bull, Paasche, Winsnes: Norsk litteraturhistorie, bind 5 (1937). Han debuterte med dikt i Hvite nætter (1896), i 1934 kom Gatedikterens vers – elles forfatta han romanar, noveller, revyar, avisartiklar, barnebøker, reisebrev.
Mest iaugefallande: Lykke-Seest er ein av norsk films pionerar. Han gjorde åtte spelefilmar mellom 1916 og 1919, mellom dei Historien om en gut, der sonen Esben hadde hovudrolla – filmen vart seld til Sverige, Finland, Tsjekkoslovakia, USA. Og han skreiv fleirfaldige filmmanus – fem for Victor Sjöström i Sverige. Han danna eit eige filmkompani: Christiania Film Co A/S, som opphøyrde i 1920.
Av dei 15 romanane kom mange etter den tida. Særleg lagd merke til vart trilogien frå eit borgarleg Kristiania-miljø: Huset i Gamlebyen, Ludvig Ludvigsen og En almindelig mands historie (1923–1926).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.