Diktet

Diktet: Snø av Hans Børli

Publisert

Denne gongen eit polemisk dikt. Eller eit dikt som avsannar det mange meiner er vinterens herlegdom: den vakre kvite snøen, der han fell frå himmelen og legg seg på marka, slik at vi kan spenna på oss skiene og fara fram i løypene: Vårt land som sportsnasjon, som i den aller første vinterolympiaden (Chamonix 1924) tok dei fleste medaljane: «Norge viste verden vinterveien!» var refrenget i avisene etterpå.

Den som er vaksen opp i hovudstaden, har hatt snøen i Nordmarka å gleda seg over, i pløgde løyper – eller ein lagar eigne spor. Og undergrunnsbanen tok oss heilt til Frognersetra – derfrå gjekk rake sporet til Kikut. Men ikkje for den som voks opp på ein husmannsplass i grensetraktene mot Sverige og vart tømmerhoggar, som far sin.

Hans Børli (1918–1989) skreiv si mest folkekjære vise frå tømmerskogen, som Claes Gill las opp i NRK radio: «Her er det kaldt og kusli, Kal,/ me’ snø og sno fra nol,/ men langt i sør fins varme land,/ med palmesus og sol./ Der skulle vi ha vøri, Kal –/ vi skulle reist i fjol.» Visa står mot slutten av samlinga Likevel må du leve (1952), rett etter diktet «Snø». Dette var den fjerde av Børlis 21 diktsamlingar (debut 1945) – og plasserte han som «skogens dikter» i norsk poesi, ein omtale han sjølv var brydd av. Det var Rolf Jacobsen, ein annan hedmarksdikter, som hjelpte Børli tidleg på veg, ved å senda han ei svensk utgåve av storbydikta til Carl Sandburg frå Chicago – der den som las, fekk erfara sjølv: Ikkje alt treng likne på Bjørnson!

Hos Børli kom det til å skapa ein moteld. Og den heldt han fast ved, livet ut. Diktinga hans står sterkare no enn for førti år sidan.

Snø og snø. Vi treng begge delar.

Snø

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement