Diktet
Diktet: Steinar Opstad
Foto: Laurent Denimal
Steinar Opstad, bondeson frå Stokke i Vestfold, fødd i 1971, skriv ryddige dikt – ti samlingar har det vorte frå 1996 til 2022. Samla dikt i Arbeid og drøm (2016). Pluss ei fin essaysamling Himmelretninger (2012), om dikt og dikting. Akademikar med tysk, religionshistorie, litteraturvitskap som fag. Likevel er det lengting og kjønnsidentitet, utanforskap og samkjensle dikta handlar om – alt ein ikkje kan læra på universitetet. Dikt med bibelreferansar og litterære allusjonar.
I sentrum av diktinga hans står faren:
«Kveldssol skinner over pappa/ Døgnet, den valsen, klarer å favne ham// til tross for at han er så vertikal/ som en far kan bli» – heiter det i første bok Tavler og bud. I fjorårssamlinga, Å være flere, er faren død: «Det var godt at vi, de tre sønnene, fikk holde hver vår tale/ siden vi hadde hatt hver vår far/ aldri én hellig og ubestridelig».
Her kjem så eit dikt om mora. Fem samlingar av Opstad er omsette til svensk dei siste ti åra, lat det vera sagt, fleire enn for nokon annan norsk poet. Koplingane hans til familie og oppvekst held fram, i alle samlingane – som om han aldri blei forstått. Eller blir forstått. Det plagar han. Men ein dag skyflar han alt det kvite ut av korridoren mor hans flakka i – snøen ho hadde late falle over faren.
Altså: far og mor i balanse. «Hvem er jeg nå da far ikke/ fins lenger og evigheten sitter i kroppen/ som et slukket begjær / den tynne følelsen/ etter å ha elsket med sjelen full av sorg.» Mora seier: «Da trenger du ikke lenger å være/ den tynneste sønnen.»
Steinar Opstad skriv klanglege og pregnante dikt som det er opp til lesaren å skru saman. Jamvel om han ein sjeldan gong seier det kort:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.