Diktet: Synnøve Persen

«Tekstene hennar er knappe skildringar, nesten tablå, som til saman sirklar inn personane som er i fokus.»

Foto: Terje Bendiksby / NTB
Publisert

Forfattaren og biletkunstnaren Synnøve Persen (f. 1950) er frå Bevkop i Finnmark. I 1978 var ho med og starta det radikale samiske kunstnarkollektivet Masi-gruppa, saman med mellom andre Britta Marakatt-Labba. Ho debuterte som poet i 1981 med boka alit lottit girdilit, som kom i norsk gjendikting to år seinare med tittelen Blå fugler flyr. Persen skriv dikta sine på nordsamisk og norsk. Fleire av diktsamlingane inneheld også Persen sine illustrasjonar, som utfyller eller utvidar innhaldet i tekstene. Ho har fleire gongar vore nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Boka balvvat bullet / skyene brenner (2023) er utgitt tospråkleg. Persen har gitt henne sjangernemninga «poetiske tekster», noko ein kan sjå spegla i den prosaiske og forteljande tonen i utdraget over. Tekstene er ikkje konsentrerte og metafortunge. I staden er dei knappe skildringar, nesten tablå, som til saman sirklar inn personane som er i fokus. balvvat bullet tek for seg historiene til ni av formødrene til Synnøve Persen, og dermed også ei nesten 400 år lang historie frå Sápmi. Både heksebrenningane, Kautokeino-opprøret og tvangsdeporteringa under 2. verdskrigen finst i Persen si familiehistorie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement