Diktet
Diktet: Wetle Holtan
Opstad reflekterer liv og daude, og familierelasjonar, på ein tvers igjennom ærleg, men samtidig kjærleiksfull måte.
Foto: Laurent Denimal / Kolon forlag
Dei to siste gongene eg har skrive i spalta, har eg valt dikt frå dei to diktsamlingane til Wetle Holtan. Wetle Holtan debuterte med Høsten er et påskudd i 1996 på Kolon forlag. Same år kom debuten til Steinar Opstad, Tavler og bud, på same forlag. Dei to vart kjende med kvarandre, og Opstad fylgde med nyfikne med på den lovande forfattarskapen til Holtan. Etter at Holtan gjekk bort, har tankane framleis vore kring poeten, og i den seinaste samlinga til Steinar Opstad, Å være flere, frå 2022, står dette diktet på prent.
Interessa for andres forfattarskapar har alltid vore der for Opstad. I 2003 gav han ut Men sannheten kom som et dikt, ein antologi over norsk samtidslyrikk. Han har òg gjeve ut utval av poesien til Cecilie Løveid og etterlatne dikt av Mia Berner. Diktaren Opstad stig dermed fram som ein viktig formidlar av poesi, slik som Jan Erik Vold.
Mange av dikta i Å være flere handlar om farens bortgang. Opstad reflekterer liv og daude, og familierelasjonar, på ein tvers igjennom ærleg, men samtidig kjærleiksfull måte. Vi kjenner òg att det typiske opstadske landskapet: åkrar, høge tre, trusspørsmål og den vide himmelen.
Det gjeld òg «Tørka blomster». Det kan synast paradoksalt med tørka blomar på ei grav, men symbolikken kjem beinveges fram i diktet: «Tørka blomster husker alle somre». Det er som om blomane kunne vera frå mange år attende, frå eit år Holtan var i live. I neste strofe får vi ein augneblink frå nettopp dette: «Dødsskygge» kan vise til ein person med tunge tankar, men det blir kontrastert med augneblinken av nærast religiøs openberring: Solstrålar slepp til gjennom kronene på lønetre – som er høge, praktfulle tre.
Hunden som Opstad nemner, har òg ein symbolsk verdi, lojalitet. Ordet «høyverdig» strekar òg under det spenningsfylte ved møtet, for eit menneske med hund kan òg vera eit einsamt menneske. Det spenningsfylte blir òg uttrykt sist, når ljoset dreg seg attende. Det er eit vakkert, men òg sørgmodig dikt.
Tørka blomster
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.