Diktet

Publisert

Det er få store diktarar i den dansknorske litteraturen på 1600-talet. Men det er ein poet som med føremon kan få større plass i norsk litteraturhistorie. Det er Anders Arrebo (1587–1637), som er kalla «den danske diktekunstens far». Det er fordi han tok i bruk ein rytme basert på eit aksentuerande prinsipp – inspirert av romersk metrikk. Det er ser vi rytmeskjemaet i utdraget, i versemålet aleksandrinar. Det meste kjende verket hans, Hexaëmeron (skrive i 1630-åra, men utgjeve posthumt i 1661), tyder «seks dagar». Det er ei hylling av Guds skaparverk. Verket er ei fri attdikting av franskmannen Guillaume Du Bartas’ La Sepmaine; men Arrebo nytta i hovudsak ei nederlandsk attdikting av dette verket, av Zacharias Heyns.

Arrebo kan òg kallast den norske diktekunstens far, ikkje berre fordi vi den gong høyrde til den dansknorske felleskulturen, men òg fordi Arrebo hadde eit spesielt tilhøve til Noreg. Han var biskop i Trondheim (1618–1622), før han vart dømd frå embetet på grunn av misunning og ryktespreiing. Det originale i Hexaëmeron ligg nettopp i det norske stoffet i boka. Arrebo gjorde ei reise til Nord-Noreg, landsdelen gjorde eit uutsletteleg inntrykk på han, og han tok inn drøftingar av landsdelen gjennom heile verket.

Dette kjem eg attende til neste gong eg skriv i denne spalta. Her siterer eg ein passasje frå den andre skapingsdagen, om skapinga av himmelen, der planeten Venus står i sentrum. Arrebo skildrar henne både som aftan- og som morgonstjerne og viser til den klassiske målaren Timantes. Det er hovudsakleg den sanselege gudinna Venus diktaren tiltalar. Fargane hennar er roseraudt og kvitt, ho har kontakt med Amor og venleiksgudinnene kharitene. Ho er så forførande og farleg at folk kan lide «skifbrud», skipbrot – det må nok forståast i overført tyding.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement