JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

Diktet: Anders Hovden

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Lavik (1856–1929).

Johannes Lavik (1856–1929).

Johannes Lavik (1856–1929).

Johannes Lavik (1856–1929).

2967
20240628
2967
20240628

Dette diktet stod på prent i Fagnafolk (1938) av Anders Hovden, ei bok full av lovprisingar av menn og kvinner. Mange av dei var norskdomsmenn, som Johannes Lavik (1856–1929), grunnleggjar av og bladstyrar i Gula Tidend. Som det kjem fram av fotnoten, skreiv Hovden diktet då Lavik gjorde om avisa til dagsavis i 1914. Lavik var òg initiativtakar til Noregs Mållag, skipa i 1906.

Det er eit endeframt, klisjéfylt dikt som tener eitt føremål: å lyfte fram Lavik som «bygningsmann» for det norske «huset». Hovden nyttar òg «båt» som symbol, kanskje han meiner Gula Tidend. Det er ein kampsong, for det gjeld norskdoms- og målsak – eit kjent tema i nynorsklitteratur før krigen.

«Du kunde aldri med å snu, men stemnde alltid beint», skriv Hovden, og viser dermed til den kompromisslause naturen til Lavik. Den hadde ei negativ side, for Lavik var kjend som ein nådelaus bokkritikar: Han rette kritikk mot Hulda Garborg fordi ho skreiv bøker på bokmål, han avviste Olav Duun for «at hans menneskjor ikkje yvertyder». Neppe ein råkande dom, for Duun er vår store menneskekjennar. Lavik slakta også Olav Aukrust – det er som om dikta hans «geipa etter deg». Nynorskfolk austanfjells og i Trøndelag var rasande på denne vestlandsfanden.

Men det var éin diktar Lavik stødde gjennom tjukt og tunt: Olav Nygard, som var frå same område: Lavik kom frå Eksingedalen, ved Modalen. Lavik fekk ei farsrolle for Nygard, han oppmoda Nygard til å fylgje diktardraumen. «Han er lyrikar – av Guds naade. Og maalskapar. Han er skald», skreiv Lavik om Nygards debut, Flodmaal (1913). Lavik gav ut to bøker av Nygard på Gula Tidend, då ingen forlag ville ha dei: Runemaal (1914) og Kvæde (1915). Men Lavik rette òg kritikk mot Nygard, dikta kunne bli tunge å lesa.

Dei hadde likevel ein humoristisk tone seg imellom. Dette skreiv Nygard i eit brev til Lavik: «Du er ein fæl kritikkar! Og hadde du vore kar til aa kritisera meg til hakkekjøt, so hadde eg ikkje havt so lite hugnad av det.»

Ronny Spaans

Johannes Lavik*

Vår fedregard var lagd i grus
i Noregs gamle grend.
No reiser uppatt me vårt hus,
og bygg med sverd ved lend.
Ein bygningsmann du er so raust
og buen vel til slag,
ja, Lavik du hev stae traust
og trufast all din dag!

Du kunde aldri med å snu,
men stemnde alltid beint.
Du åtte tanke meir enn tru,
ditt auga var so reint.
Og stødt du viste upp og fram
og fann oss veg og bru.
No stend du høgt på utsyns-tram
med auga ljost av tru.

Det var kje gods, det var kje gull
som deg til striden batt...
av hugmål var din heile full
som stjerneblenk um natt.
Med gråt du tidt i vinna trong
gjekk sådde sæde raust.
Men aldri du med gledesong
fekk sanka inn til haust!

Legg utpå djupe no for godt,
sjå: Den, som vågar, vinn!
Legg ut på djupe til ein drått –
og sigeren vert din!
Snart bak oss ligg dei siste nes
ved fjorden grå og trong.
Hei! Upp med segli, børen blæs – –
til havs, til havs med song!

Anders Hovden

* Då han gjorde Gula Tidend til dagblad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis