Diktet

Diktet: Den Norden=Fieldske Vinter (utdrag)

Publisert

I det siste har både Jan Erik Vold og eg omtala vinterdikt. Her kjem eit vinterdikt til – då som naturhistorie på rim og rytme. Over finn de utdrag av langdiktet – med den lange tittelen: Den Norden-Fieldske Vinter, fornemmeligen saaledes, som den sædvanligen falder i Trondhiems Amt besønderlig, med nogle af de almindeligste Land=Gierninger, kortelig forfattet riim=viis (1764) av Marcus Frederik Bang (1711–1789).

Bang, som kom frå Sjælland, overtok bispesetet i Trondheim i 1773 etter den kjende Johan Ernst Gunnerus. Då han skreiv dette diktet, hadde han budd 25 år nordanfjells, og dansken hadde fått høve til å bli godt kjend med den sure, kalde vinteren.

Det synest i diktet – han skriv om byfrøkna, den «nipre Møe» «blaa af Kulde», men særleg om livet hjå bønder, som vi ser av utdraget, om «Landmanden», der også sjømannen i vinterstormar er omtala. «Frækk» tyder her djerv, dristig. Neste strofe er løgleg, det handlar om bokormen som sit innandørs, og minner oss om eit problem vi ikkje lenger har: levande ljos som einaste ljoskjelde. Kanskje viser diktaren her til seg sjølv? Eg avsluttar utdraget med siste strofe i diktet: Endeleg kjem sumaren, men han er stutt nordanfjells.

Diktet er utstyrt med mange fotnotar – og her får danemannen Bang høve til å vise fram den kultiverte bakgrunnen sin. Han refererer til historiske hendingar, om primstaven, jordbruk om vinteren og så bortetter. Eg har teke med ein av desse notane. Han nemner òg Hexaëmeron av Anders Arrebo – som eg har presentert i denne spalta. Bruken av apostrofe – tiltale med «du» – personifikasjon og strofeforma aleksandrin har han truleg frå denne føregjengaren i bispesetet i Trondheim.

I innleiinga presiserer han at det handlar om vinteren i «Trondhiems Amt». Skulle han skrive om vinteren i «Ost=Finnmarken», «da maatte Poëten vist nok skærpe sin Sang, og indklæde den i saadanne Ord, som uden Tvivl vilde skremme dem, der ere fødte og opvante under mildere Luft».

Ronny Spaans

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement