JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

Diktet frå Kyndelsmesse (1972) viser korleis Hans Børli sette ting i kontrast mot kvarandre, skriv Jan Erik Vold

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
   Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

   Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

2325
20240830
2325
20240830

Hans Børli (1918–1989) frå Eidskog i indre Østfold, ikkje langt frå svenskegrensa, tømmerhoggar av yrke, med salige forbanningar over slitet i skogen – han kom til å verta ein utruleg produktiv lyrikar, med 21 samlingar frå debuten Tyrielden (1945), over Når kvelden står rød over Hesteknatten (1979), dedisert «Magnhild – med takk for trofast følge gjennom 33 år», fram til Frosne tranebær (1984).

I Samlede dikt (1995) finst ytterlegare tre titlar: På harmonikk (1991), Siste dikt (1991) og Frittstående dikt, som samlar 171 tekstar 1941–1991. Han har dessutan gjeve ut sju prosabøker, deriblant to bind med «en tømmerhoggers dagbok». I 1997 var det Børli-seminar på Åsnes, der bidraga seinare vart samla i bok: Svarttrost-strupen så hvit av toner (red. Ole Karlsen, 1998). Same år kom Truls Gjefsens Syng liv i ditt liv. Hans Børlis liv og diktning.

Dagens dikt er frå Kyndelsmesse (1972) og viser korleis Børli sette ting i kontrast mot kvarandre – hans oppleving av naturen, under istida og etter istida. Her oppstår biletet av Tiden, som sit med hovudet i hendene og veit ikkje råd. Men blomane, dei kjem med fargane sine, sidan lyden av andeskrik. Würm er ei elv i Alpane, der istida markerte seg. Diktet liknar ikkje på noko anna Børli har skrive.

Hans Børli og Olav H. Hauge – diktaren frå Vestlandet er skarpare, meir konsentrert. Børli: «Du tåler alt/ av snø og kaldt/ og is i trange årer/ så lenge det smaker salt/ av dine tårer.» Hauge: «Det var lite for deg/ men mykje for meg./ Eit smil då det galdt/ og eit handtrykk var alt.// Tåre,/ du tarv ikkje falla,/ eg veit du er salt.»

Jan Erik Vold

Istiden

Würm-istiden, den siste
store nedising av Nord-Europa,
varte i 120 000 år,
sier geologene.

120 000 år –
dager netter dager netter
uendelig
uten grønt
uten lukt av jord uten
soldirr i åpent vatn
Bare lam lyd av
is som revnet i frosten
nordlysets lave hyss hyss
himmelrender
som kniver
120 000 år
da selve Tiden satt
med hodet i hendene
og visste ingen råd.

Tenk deg da
de første blomstene,
de første bleike anemonene
mellom dryppende steiner
i sol på morénen – eller
et plutselig andeskrik
i oset der breelva stupte
ut i en sjø på sletten …

Det er håp i å tenke på slike ting

Hans Børli

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis