Diktet

Eit dikt om honning

Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.

Publisert

Det er den mørkaste helga i året, reint bokstavleg. Kva passar då betre enn eit dikt om honning, som reint symbolsk må vere det næraste vi kjem sol på denne tida av året?

Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag. Han står i klissete krukker inst i kjøkkenskåpa våre. Samtidig er han fylt med sterk symbolikk i fleire religiøse tradisjonar. Honning symboliserer overflod, liv, fornying og er knytt til det guddomlege. Honning har dessutan medisinske eigenskapar – og magiske, han blir ikkje dårleg!

Fordi han er så lada med symbolikk, er honning eit potent motiv i diktinga. På popartisten Robyns album Honey (2018) er honningen bilete på sensualitet og kunstnarisk gjenføding; hos Paal-Helge Haugen i Steingjerde (1979) symboliserer honningen naturens kretsløp: «honning vandra: usynleg/ ut frå blomens sentrum, gjennom/ biekroppen (…) vi fekk det/ på brødskivene».

Heile denne symbolske tradisjonen kling med i Mette Moestrups dikt «Honningheksagonene», som utdraga over er henta frå. Danske Moestrup er ein av dei viktigaste poetane i Skandinavia i dag, og ho skriv ofte med utgangspunkt i frukter, det fruktbare, mytar (gamle og nye) og ritual. Den hittil siste boka hennar, som honningdiktet er henta frå, er omsett til norsk av Eira Søyseth under tittelen Til den skjønneste (2020).

«Honningheksagonene» er bygd opp av tolv seks liner lange strofer som summande sirklar inn ein kvinneleg honningkult. Dei tilber honning, etterliknar bier og blir på ovidsk vis til slutt omforma til behaldarar. «vi er søte», lyder diktets korte 13. strofe; biene har flytta inn i kroppane deira og dannar nye bikaker, nytt liv under sola.

(…)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement