JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto via Wikimedia Commons

Foto via Wikimedia Commons

3352
20241206
3352
20241206

Den personen som var viktigast for Olav Nygard, var utan tvil Hulda Garborg (1862–1934). Det har alt stått ein artikkel på prent i Dag og Tid om tilhøvet mellom dei. Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg. Eg har valt eit dikt frå ei av dei to diktsamlingane ho gav ut, «Solrenning» frå Kornmoe. Vers og visor (1930). Det er ei av få bøker ho skreiv på nynorsk – jamvel om det også er riksmålsdikt i boka, som ho skreiv i ungdomen. Kornmo viser til lyn ein kan sjå, utan at ein høyrer tore. Det er eit fenomen som oppstår om seinsumaren – og det er òg ei sumarkjensle i dette diktet, samtidig som at himmelfenomen står i sentrum.

Dei fire rimlause, men strengt metriske strofene er grundig komponerte. I fyrste strofa fortel diktaren at ho vaknar og går ut på altanen og speidar ut, både ut i eit landskapspanorama og i hagen. Stilla blir broten av ei veldig rørsle – ikkje av ljod, men av ljos, av morgonroden som kjem som «ein sjø av smelta gull og purpur», som det heiter i den andre strofa. Denne solflaumen blir skildra som ein omvend tsunami i tredje strofe, himmelsjøen fyller heile landskapet, trea blir gylte som kapitél – det er prydde, klassiske søyler. Det er som om ein var i Sør-Europa. Sola vekkjer «upp til dagens dåd og sæle». Det blir utdjupa i siste strofe: Ho gjev liv til bier og blomar i hagen. Diktaren bøyer seg audmjukt for dette synet, som ho fagnar som om det var det fyrste ho såg, som eit jentebarn.

Det er eit barokt dikt, men Hulda Garborg balanserer ved å ramme «ordflaumen» inn ein takttung, trokeisk rytme, og samtidig ved omtalen av den vesle fuglen i tuntreet som kontrast til patosen i ord som «himmelharpor». Diktet vitnar òg om ekte kjensler, for det er hagen på heimstaden, Labråten, ho syng om. Samtidig er inspirasjonen frå Nygard tydeleg, som Tor Obrestad har peika på i biografien sin om Hulda. Dermed minner det òg om andre Nygard-inspirerte dikt, som «Gartnaren drøymer» av Olav H. Hauge, jamvel om tematikken der er annleis.

Ronny Spaans

Solrenning (utdrag)

I den svale høgtidstille morgonstundi
stend eg på altanen min og skodar einsleg
ut i rømdi, der ei verd på botnen søv –
Inni myrke skogholt kviler stille gardar
under blomeslør i kvite aldehagar
ringa inn av vårgrøn eng og åkerkransar.
Og der nedanfyre glimtar fjorden fram
millom nakne skjer og øyar klædd med skog,
liksom kjempefuglar dormande i natti
på den stille spegelblanke sylversjøen.

(...)

Og den sylvblå sjøen nedpå jordi rodnar
opnar fange sitt for sæle himmelljose
og alt liv som søv i hav og jordheims-lundar,
vaknar upp til dagens dåd og sæle.
Yvi myrke furuskogen sig ein gullflaum,
kvart eit tre til sulor vert med gyllte kapitélar.
Og i hjarta mitt ei stille glede bivrar
med ei ordlaus takk for liv og livsens under.
Då ein liten fugl vaknar i mitt tuntre,
sender svevnyr ut ei varsam morgonhelsing.

Og det svarar frå eit vaknande orkester
alle stader inni morgongylte hagar,
der imillom trei honningtysste bior glitrar
liksom gullregn yvi blad og blomsterfonner,
medan soli siglar eldraud fram på himlen
som ein gud i glansen av si skaparmakt.
Tryllt, i audmjuk age bøygjer eg mitt kne,
kjenner meg som usle ormen vekt av nåde
til ein dag i draum um grenselause under,
og det er som denne dagen er min fysste.

Hulda Garborg

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis