Diktet

Diktspalta: Kvelden lister seg på

Publisert

Inger Hagerup (1905–1985) er ein av dei mest folkekjære poetane våre. Diktsamlingane hennar 1939–1964 vart alltid lagde merke til: for kjærleiksdikta, for politiske dikt under krigen og seinare – og for barnedikta. Tre samlingar kom: Så rart (1950), Lille Persille (1961) og Den sommeren (1971) – dei to første illustrerte av Paul René Gauguin. Eit utval barnevers finst i Hulter til bulter (1979), illustrert av Tonje Strøm.

Dagens dikt er frå 1950, trykt i antologien Høydepunkt 2 (red. Karin Beate Vold, 1981), der 33 norske forfattarar vel og kommenterer eigne barnebok­tekstar – dei færraste vel dikt. Inger Hagerup skriv: «Når jeg nå velger nærmest i blinde, er det fordi dette diktet er et uttrykk for det jeg følte overfor min yngste sønn når han skulle legge seg om kvelden. Litt av min egen redsel for å være alene i mørket ble også med, selv om jeg trøstet meg med at mørket var noe snilt i virkeligheten… jeg hadde bestemt meg for at uttrykket ’byssan lull’ ikke skulle forekomme i diktet… Av samme grunn unngikk jeg også ordet ’mamma’».

Diktet er kan henda mest vendt til den vaksne. Ingen born tenkjer på at dei et kveldsmat «med små melketenner». Og skorne på matta er ikkje så «slitne» at dei må kvila heile natta. Men at kvelden listar seg på tå, kan vera begripeleg – både for mor og barn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement