Sport før og no
Dyrebare drakter
Tolvåringen fekk Wolverhamptons heimedrakt frå 2012 i «mystery kiten».
Alle med tilknyting til eit fotballinteressert barn har vore i dilemmaet: Skal ein kjøpe ei falsk drakt på Playa de La Mata i Torrevieja med lovnad om 100 prosent kvalitet til 200 kroner, eller skal ein halde på prinsippa og blakke seg på Unisport.com, der eit draktsett kostar nærare 2000 kroner?
Bruktmarknaden kan vere ei løysing. Dagens ungar har også fått auga opp for retrodrakter. Sjølv om det på mange måtar er bra at dei handlar brukt, er ikkje desse draktene nødvendigvis billigare. Spesielt dersom dei er signerte eller har vore brukte av spelarane sjølve. Det mest ekstreme eg fann, var ei Pelé-skjorte med autograf på Ebay for over 300.000 kroner. Vanlegvis ligg også vintage-draktene på rundt tusenlappen. Eventuelt kan ein gå for «Mystery kit» til 500 kroner, men alle veit at dette fort kan ende i nedtur.
Admiral Sportswear var merket som først såg potensialet i marknaden ved å lage engelske landslagsdrakter til fans. Dette var i 1974. Før dette var det hattar, kaps og skjerf som gjaldt for supporterane. I Noreg starta salet først på 1990-talet. Viss du ikkje hadde ein slektning som kunne handle til deg i England, måtte du i den lokale supportersjappa. Vikingbutikken opna i 1997, og billig var det heller ikkje då. Sjølv fekk eg landslagsdrakt med Erik Mykland på til konfirmasjonen i 1998. At heile tre søsken måtte til for å spleise, seier vel sitt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.