Ei scene frå Horten

Lykke-Merlot frå Sandefjord vitja sjakklubben i Horten og sette punktum for ei bisarr sak.
Lykke-Merlot frå Sandefjord vitja sjakklubben i Horten og sette punktum for ei bisarr sak.
Publisert

Den tidligare leiaren i Horten Sjakklubb, Per Heggard Engebretsen (83), spurde i eit lesarbrev i lokalavisa Gjengangeren i 2016 om kva som var i ferd å skje med klubben. Kva tenkte dei på, sjakkspelarane i byen?

Engebretsen var ikkje på plass denne kvelden, onsdag 7. mars 2018. Det vesle persongalleriet var ekstraordinært. Turneringsleiaren, sjølv den einaste meisterspelaren i klubben, var på plass. Han hadde tapt mot den synshemma Nybyrjaren veka før. For folk utanfor Horten var det eit prov på at Nybyrjaren heldt fram med juks etter å ha vore utestengd frå sjakken i to år. Noregs Sjakkforbund hadde plan om eit løynt raid for å avsløra han, då ei ni år gamal jente frå Sandefjord kom dei til unnsetning.

Ein lokal, sjakkspelande psykolog som ei veke tidlegare hadde gått ut i Gjengangeren med «prov» på at Nybyrjaren var uskuldig, var på plass. På plass var òg ein journalist frå NRK – sjølv medlem i klubben – og ein straffedømd sjakkspelar på permisjon frå fengselet og 21 års soning.

Rosina i pølsa var oppgjeret mellom Nybyrjaren og heile Sjakk-Noregs maskot, Lykke-Merlot Aurora April Bowitz Helliesen (9), jenta som vart oppdaga av Simen Agdestein då ho var 6 år gamal. TV 2 laga seinare ein dokumentar om Lykke-Merlot, og i 2017 slo ho alle gutane og vart noregsmeister i yngste klasse.

Den karismatiske far til jenta var på plass. Han driv med fekting og fransk vin, har vore politikar i Frp og har hatt ei «skikk og bruk»-spalte i Rogalands Avis. Han og kona skapte overskrifter i 2005, då dei var med i realityserien Fagerstrand på TV 2 og vart truga med politiet etter å ha avlytta dei andre deltakarane med diktafon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement