Diktet
Ei verd snudd på hovudet
Foto via Wikimedia Commons
Den
omvende verda er ein kjend stad i litteraturen; folk har dikta om bakvendtland
i uminnelege tider. Rollebytet eller -oppløysinga som finst i slike tekster, er
også blitt spelt ut offentleg i folkefestar som karnevalet og på scena gjennom
komedien.
Det
å førestille seg ei verd som er snudd på hovudet, der hierarki og biologi er
oppe til forhandling, har naturlegvis noko frigjerande ved seg. Det kan vere ei
framtidsretta handling, ein slags visjon. På den andre sida er tekster om
bakvendtland også nær knytte til samtida og kan fungere som ei framsyning
eller ein kritikk av rådande reglar og personar. I begge tilfelle dreier det
seg om eit radikalt blikk.
I
den norske skjemtevisa «Den omvende verdi» skjer forvandlinga om natta. Det
er særleg dyra som oppfører seg annleis enn vanleg. Laksen gneg borken av
tretoppane i dei første versa, og fører oss dermed rakt inn i ei biletverd som
er fantastisk, humoristisk og invertert. Visa finst i liknande versjonar ulike
stader i landet, og også elles i Europa, heilt attende til mellomalderen.
Eg
synest andre strofa er den flottaste. Her blir vi fortalde at vi skal sjå for
oss ein skog som dansar, sandbankar som sym. Månen gjel som ein hane og har
altså bytt plass med sola. Kva gjer sola? Sola skrik. Det er eit mangetydig
bilete; eit uhyggeleg natteskrik, kanskje, eller ein ny dag som renn, ein fødsel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.