Sport før og no

Ein utopisk resept

Sjølv om alle veit at fysisk aktivitet er bra for mental helse, praktiserer me ikkje nok. Verken friske eller sjuke.
 

Helseminister Høybråten i 2003, klar til å ta i bruk grøn resept-ordninga.
Publisert Sist oppdatert

«Når folk er i fysisk arbeid, er de unaturlig glade», seier Öde Spildo Nerdrum i NRK-serien dei fleste no har sett.

Öde har snakka med bror sin, Bork, mens han arbeider i åkeren, og han meiner han ikkje kan rekne med at svaret broren gjev i denne sinnsstemninga, er det broren eigentleg meiner. 

Öde er ikkje fødd bak ei låvedør – eller det kan faktisk vere. Uansett, Öde veit kva han snakkar om.

Det var forskinga til Egil W. Martinsen som for alvor gjorde at me som var studentar ved Idrettshøgskulen tidleg på 2000-talet, kunne referere til kva endorfin og dopamin skapt av fysisk aktivitet gjorde med sinnet. Arbeidet hans (saman med Johan Kaggestad), som sette fart på 1970-talet på Modum Bad, var viktig for alle som trudde på at fysisk aktivitet var viktig for menneskesinnet.

I 2025 finst det meir forsking å referere til, men sjølv om alle veit at fysisk aktivitet er bra for mental helse, praktiserer me ikkje nok. Verken friske eller sjuke.

Fastlegane har sidan 2003 kunna skrive ut trening på resept, det som heiter grøn resept. Slike reseptar blir likevel sjeldan utskrivne. Ikkje nødvendigvis berre fordi medisinar er førsteprioritert. Det handlar også om korleis pasientane faktisk skal få utført treninga som står på resepten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement